Datamaskin til frukost

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Datamaskiner i fordøyeleg form er her, melder New York Times. Medan debatten går om implikasjonane ved nyvinningar som Google Glass, har forskarar allereie utvikla den neste og endå meir avslørande teknologien – små datamaskiner i pilleform.

Overvakar helsa
Dei pilleforma maskinene inneheld små sensorar som overvakar helsa di. Pillene samlar informasjon om systema i kroppen din, og sender informasjonen til ei ekstern maskin.

Fleire selskap arbeider med å utvikle prototypar av pillene. Selskapet Proteus Digital Health samla mellom anna 60 millionar dollar for å skape sin versjon av pilla. I staden for eit internt batterisystem, er tuppane på den lille maskina av kopar og magnesium, som kan generere elektrisitet via magesyre. Proteus-modellen sender informasjon innanfrå kroppen til ein mobilapplikasjon, som registrerer alt frå blodtrykk og kroppstemperatur, til rørsle- og kvilemønster.

LES MEIR: Hundar er som born

Bli ditt eige passord
Utviklinga kan ha stor betyding for mellom anna overvaking av hjartesjukdommar, diabetes, alzheimer og schizofreni. Ein kan til og med kople doktorar og familiemedlemmar til systemet for å overvake helsa til ein av sine kjære.

Framtidige versjonar av pilla kan også vere hjelpsame i dagleglivet. Nokre versjonar av maskina fyller automatisk inn passordet ditt, til dømes. Når denne pilla er i kroppen, kan du løfte opp smarttelefonen utan å skrive inn passord. Du kan setje deg i bilen, og den vil starte. Du kan røre ved dørhandtaket til heimen din, og døra vil låse seg opp automatisk. Du blir rett og slett ditt eige passord.

Trass i føremonene, kan ein ikkje oversjå implikasjonane pillene kan ha for privatlivets fred. Kva skjer dersom nokon hackar ei datamaskin inne i kroppen din, til dømes?

LES MEIR: «Google Street View» av hjernen