Hundar er som born

Kjennast det som at hunden din er barnet ditt? Kjensla kan vere gjensidig.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du eit nært forhold til hunden din? Ny forsking tyder på at kjærleiken ikkje berre går ein veg. Ifølgje Forskning.no har ei gruppe forskarar ved det veterinærmedisinske universitetet i Wien funne det dei meiner er bevis på at hunden din ser deg på same måte som barnet ditt.

Ber om hjelp
Forskarane undersøkte 22 hundar for å finne likskapar mellom dyr og born. Dei var interesserte i i kva grad dyret eller barnet vende seg til vaksne for å få rettleiing og tryggleik til å utforske verda.

Forsøka innebar at hundane måtte bruke fleire hundeleikar for å få ein godbit. Når eigarane var til stades, ville hundane arbeide for godbiten, anten eigarane oppmuntra hundane eller ikkje. Når eigarane vart erstatta med framande, synte derimot hundane lita interesse for å jobbe for godbiten.

LES MEIR: Semje om landbruksreform i EU

Denne effekta er kjend som “the secure base effect”, og den finst også i forholdet mellom foreldre og born, når born bruker foreldra som ein trygg base for å utforske verda.

Når eigarane vart erstatta med framande og hundane mista interessa for godbitane, konkludere forskarane med at eigarane sitt nærvær er viktig for at dyra skal kjenne seg trygge.

Eigar erstattar artsfrendar
Hundar har levd saman med menneske i kring 15 000 år. Dyra er så tilpassa til å leve med menneske at eigaren i mange tilfelle erstattar artsfrendar som hunden sin fremste sosiale partner.

Eit av aspekta ved undersøkinga som overraska forskarane var at vaksne hundar oppførte seg som mennneskeborn, ifølgje ScienceDaily.

– Det skal bli veldig interessant å finne ut korleis denne oppførselsen har utvikla seg hos hundane, seier Lisa Horn ved Vetmeduni´s Messerli Research Institute. 

LES MEIR: Åtvarar mot å slå hundekjeks