Med nynorsk på brystet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konseptet er enkelt: nynorske slagord på gamle t-skjorter. Resirkulering for rettferd. Gamle t-skjorter får nytt liv og inntektene går til gode formål. 

Ingrid Brandal Myklebust er leiar av organisasjonen Fredensborger, som lagar FREDDY-skjorter. For idealistiske gründerar frå Sunnmøre var det eigentleg ikkje tvil om at teksta måtte vere på nynorsk. I år vart dei tildelt Norsk mållag sitt nynorskstipend på 50 00 kroner.

– For å nytte eit engelsk ord tykkjer eg at nynorsk er ganske catchy og eignar seg godt til slagord, sidan det er klart presist og levande, seier Myklebust.

LES OGSÅ: Målpris til Kaizers-Janove

Juleverkstad
Ho gler seg til å lage fleire nye trykk og verte meir synleg på festivalar med summen dei fekk tildelt frå Norsk mållag.

– Om me kan få ungdommar og artistar til å gå rundt med nynorske slagord på brystet og tykkjer det er kult, så har me gjort noko riktig, meiner leiaren i Fredenborger.

Det heile byrja ei jul, då vennegjengen var samla.

– Det var eigentleg fetteren min, Vegard Hansen, som starta det. Me byrja å diskutere om det ikkje var ein god måte å kombinere gjenbruk og resirkulering med det å støtte gode prosjekt på, fortel Myklebust, som nyleg tok over som leiar i organisasjonen.

Dei byrja å samle inn t-skjorter frå fedrar, kollegaar og vener. Det synte seg at mange hadde gamle t-skjorter liggjande. Eini vennegjengen, som er grafisk designar, laga logoar for å friske opp t-skjortene.

LES OGSÅ: Bowie tilbake –  i norsk t-skjorte

Resirkulering for rettferd
Ifølgje Framtiden i våre hender  importerer me årleg 80.000 tonn klede til Noreg. I 2011 kasta nordmenn kastar 113 000 tonn tekstilar, syner tal fråSSB. Rundt 44 prosent av dette vert kasta av norske husstandar, medan 27 prosent vert kasta av tenestenæringa, der me finn klesbutikkane. Mengda tekstilavfall har auka i takt med brutto nasjonal produkt (BNP), før det dei siste åra har gått noko ned, syner ein rapport frå SIFO.

Ved å kjøpa ei FREDDY-skjorte kan kunden bidra til å få ned vår stadig aukande avfallsmengd, samtidig som ein støtter eit godt føremål. FREDDY er ideen om "resirkulering for rettferd".

LES OGSÅ: Lukka er å selje t-skjorte

Kvinner i Nicaragua
1820 redesigna t-skjorter har funne vegen til ein ny eigar i starten, i tillegg kjem fleire kjolar og lommebøker.

Sidan 2007 har pengane gått til prosjekt i mellom anna Kongo, Burma, Vest-Sahara og Bolivia. Rundt 250.000 norske kroner har dei fått samla inn sidan starten. I år går overskotet til eit prosjekt som skal få fleire kvinner inn i leiande stillingar i Nicaragua.

– Me får ikkje inn så store summar på dette, difor vel me ut små prosjekt der me veit at pengane utgjer ein forskjell, fortel Myklebust.