Jublar for eigen karakter i sidemål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsdepartementet la i dag fram justert læreplan for norskfaget. For nær eitt og eit halvt år sidan vekte Kristin Halvorsen store protestar etter at ho sa at ho ville tona ned satsinga på sidemål. No er tonen ein heilt annan frå målrørsla.

– I 2009 gjekk SV til val på å styrkje nynorsk som hovudmål og sidemål. Det har dei gjort med denne læreplanrevisjonen, og det er vi svært nøgde med, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Gler seg over tidleg start
Den tydelegaste styrkinga av sidemålsopplæringa, ligg i at elevane skal byrje tidlegare med lesing, lytting og skriving av både nynorsk og bokmål.

– Fram til i dag har sidemålsopplæringa byrja altfor seint. Norsk Målungdoms viktigaste krav har vore at elevane må få byrje å lære sidemål i yngre alder – medan evna til å lære språk er på topp. På dette området går den nye læreplanen fleire steg i rett retning, forklarer Sture.

LES OGSÅ: Betre i bokmål av å skriva nynorsk

Godt karakterkompromiss
NMU-leiaren er også tilfreds med kompromisset i karakterspørsmålet. Regjeringa går inn for å ha eigen sidemålskarakter i 10. klasse og VG3, og legg opp til ei forsøksordning der skulane får søkje om å slå saman norskkarakterane i 8., 9., VG1 og VG2.

– Denne løysinga tek omsyn til behovet for å synleggjere kompetansen elevane oppnår i både bokmål og nynorsk. Samstundes kjem ein også i møte lærarane sitt ynske om større armslag til å planleggje korleis undervisninga skal vere undervegs i skuleløpet. Forsøksordninga er eit godt kompromiss, konkluderer målungdomsleiaren.

Han legg også til at Målungdommen er glade for at norskfaget er stramma inn, slik at det blir tydelegare.

LES OGSÅ: – Vil ha statsministeren i språkdebatt

Viktig med sidemål
– Noregs Mållag er svært glad for at kunnskapsminister Kristin Halvorsen ikkje vil svekkje sidemålsordninga, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Statsråden har gjort det klårt at sidemålsundervisninga er ein viktig del av norskfaget.

I fleire rundar sidan januar i 2012 har Utdanningsdirektoratet kome med framlegg om å svekkje sidemålsordninga gjennom å slå saman dei skriftlege karakterane i hovudmål og sidemål til éin karakter, og å gjere krava til meistring av sidemål lågare.

– Konsekvensen av desse framlegga ville vore statustap for sidemålet, og det er nett slike statusendringar som gjev dårlegare kompetanse i sidemål, som for dei fleste er nynorsk. Sidemålsordninga i Noreg er viktig for at nynorsken skal halde seg oppe som bruksspråk, seier Marit Aakre Tennø.

Følg siste nytt i sidemålssaka her!

Skal evaluerast
Regjeringa har no vedteke tidlegare start med sidemål, å tryggje jamstillinga gjennom like kompetansemål, sikre vurdering gjennom standpunktkarakter og eksamensordning, og å halde endringane unna ungdomssteget. Samstundes vil ein no prøve ei ny ordning med samla skriftleg karakter dei to fyrste åra på vidaregåande, medan elevane vil få tre norskkarakterar siste året på studiespesialiserande.

– Mållaget er spent på evalueringa av denne ordninga om tre år. No får lærarane eit høve til å arbeide meir intensivt med sidemålsundervisning i eit avgrensa tidsrom og minske arbeidskravet, peikar Marit Aakre Tennø på.

LES OGSÅ: – Slutt å kalla det sidemål

Meir realistisk
– Norskplanen har fått tydelegare mål for språkopplæring og har eit meir realistisk omfang enn tidlegare, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Alle elevar skal introduserast for tekstar på både bokmål og nynorsk tidleg. Dei skal lytta til og lesa på begge målformene på heile barnetrinnet og skal eksperimentera med skriving på sidemålet sitt frå 5. årstrinn. Formålet med sidemålsopplæringa er tydeliggjort i læreplanen

Faktaboks

Ny læreplan i norsk

– Dagens vurderingsordning med eigen standpunktkarakter og eksamen i sidemål held fram. Det blir i dag gjeve tre standpunktkarakterar i norsk: Munnleg, skriftleg hovedmål og skriftleg sidemål.
– For å redusere dokumentasjonskravet i norskfaget, blir det no opna for at alle skular kan få søkja om forsøk med å setja éin eller to karakterar i norsk, i staden for tre karakterar som i dag, på studieførebuande utdanningsprogram det første og andre året på vidaregåande.
– På ungdomstrinnet skal det gjennomførast forsøk ved 50 skular, med éin eller to karakterar på 8. og 9. trinn. Begge forsøka vil bli evaluert etter forsøksperioden på tre år.
– Norskfaget blir stramma inn. Samansette tekstar blir ikkje lenger eit eige område i læreplanen.