– Det er flott at fleire av NRK-kanalane no oppfyller kravet om 25 prosent nynorsk, seier Inger Størseth Haarr, styreleiar i Kringkastingsringen, i ei pressemelding.
Kringkastingsringen arbeider for nynorsk, dialektar og samisk i allmennkringkastinga og media.
LES OGSÅ: Nynorsk redaktørpris til Bjarne Tormodsgard
Ein fjerdedel
Etter at Medietilsynet kom med sin årlege Allmennkringkastingsrapport vart det klart at NRK har lukkast med å heve nynorskprosenten.
– No må dei berre ta dette heilt i mål, og innfri kravet i alle kanalar, seier Størseth Haarr.
I 2012 oppfylte NRK P1, NRK2 og NRK Super kravet om 25 prosent nynorsk. P1 har auka nynorskprosenten med fem prosentpoeng, medan NRK Super har auka med heile 7 prosentpoeng. – Sidan starten i 2008 har NRK Super arbeidd målretta med språk, i 2010 hadde dei berre 9 prosent nynorsk, medan dei no har klart å fylle kravet.
Nyleg vart det klart at Kulturdepartementet sin nynorsk journalistpris i år går til Christian Wiik Gjerde i Superblokka på P1. I tillegg vart årets Målpris tildelt NRK-programleiar Linda Eide, kjent frå programmet Norsk attraksjon.
LES OGSÅ: 50-åring på noregstur
Kommersielle sinker
Dei kommersielle radiokanalane P4 og Radio Norge fyller ikkje krava til å bruke begge målformer i sine sendingar. Radio Norge greier ikkje å gjere reie for å ha brukt nynorsk i særleg grad, og P4 rapporterer å ha brukt 1,4 prosent nynorsk i 2012.
– 1,4 prosent nynorsk er oppsiktsvekkjande lågt. Når P4 heller ikkje greier å ha meir enn 10 prosent av sendingane på andre dialektar enn dei mest bokmålsnære, er det ikkje akkurat "lyden av Norge" dei lager, seier Størseth Haarr.
– No ventar me at kulturminister Hadia Tajik vurderer om Radio Norge og P4 verkeleg oppfyller konsesjonsvilkåra.
Skjønar ikkje kritikken
Ansvarleg redaktør i Radio Norge, Bernhard Steen, meiner dei har fylt krava som står i konsesjonen deira. Han peikar òg på at dei har teke inn over seg dei merknadane som kom frå Medietilsynet i Allmennkringkastarrapporten.
– Me har kanskje ikkje vore så flinke å dokumentere dialektbruken vår, som Kringkastingsringen meiner me burde, men me meiner me har dokumentert godt nok, seier Steen.
Redaktøren meiner dei har mykje dialektbruk i Radio Norge, men kan ikkje kome med noko prosenttal. Han stiller seg uforståande til utspelet om at konsesjonen deira bør revurderast.
– Eg skjønar at dei seier noko, men eg skjønar ikkje heilt kva, seier Steen.
LES OGSÅ: Speler norsk musikk på nattestid
For lite
Sjefredaktør i P4 Kalle Lisberg er ikkje nøgd med at nynorskdelen i sendingane deira var så låg som ifjor.
I ein e-post forklarar han det låge talet med at mange medarbeidarar har gått til andre stillingar, og at det er utfordrande å rekruttere nye dyktige medarbeidarar.
Sjefsredaktøren seier at det vil verte meir nynorsk på P4 i år. Dei har mellom anna fått inn den unge sunnmøringen Hannah Kolås (20), som skal ha sendingar heile sommaren.