Programleiar Christian Wiik Gjerde får i år Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. 

mm

Programleiar Christian Wiik Gjerde får prisen for god bruk av dialekt og nynorsk i Superblokka i NRK P1. Superblokka med Christian er arvtakaren til den gamle Barnetimen. Programleiaren er ikkje i tvil om at han har verdas beste jobb og er levande engasjert i målforma si.

– Dette er heilt herleg! Dialekten min og nynorsken, er identiteten min.  Språket mitt er Christian, og det er heilt uaktuelt for meg å pynte på det. Nynorsk er for meg verdas vakraste og rikaste språk! jublar Christian Wiik Gjerde, ifølgje pressemeldinga.

LES OGSÅ: Nynorsk journalistpris til Sele og Sandvik

Tek dei alvorleg
Prisen, som er på 50 000 kroner vil verte utdelt under dei Nynorske festspela i Ørsta i år.

Juryen grunngjev utdelinga mellom anna med at NRK-programleiaren evnar å ta borna på alvor.

 – Det er ikkje alltid journalistar tek barn på alvor når dei skal lage reportasjar med ord frå barnemunn, ofte kan det virke viktigare å få ein artig kommentar enn å få vite kva barnet tenkjer og meiner. Han møter dei venleg, ope og med respekt, og byr gjerne på seg sjølv og eigne opplevingar. Det blir det gode samtalar og god radio av, seier juryen.

LES OGSÅ: Filosof er årets nynorskbrukar

Barn forstår

Programleiaren for Superblokka kjem frå Tjørvåg i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Før han kom inn i NRK via NRK Nynorsk mediesenter, arbeidde han som lærar. No er han med på å trekkje opp nynorsk- og dialektprosenten både på radio og på nettsidene til NRK Super.

Gjerde er ikkje redd for at dialektbruken hans kan forvirre dei unge lyttarane.

– Eg snakkar norsk, det er klart dei forstår meg! I motsetting til mange vaksne har ikkje barn fordomar mot nye ord. Om vi skal skåne folk frå ein dialekt fordi vi er redd for at barn ikkje forstår, misser vi til slutt språket og forståinga. Barn forstår langt meir enn vi trur.  Språk og dialekt er ein kulturarv som skaper identitet for barna våre, seier Gjerde, som ikkje hadde noko aning om at han var nominert til prisen.

Juryen legg vekt på at Gjerde sin målbruk gjer at born frå både nynorsk – og bokmålsområde tidleg får høyre nynorsk i radio og på nett.

Dialekttårer
Då Christian Wiik Gjerde var liten fann mora han ein dag gråtande foran barne-TV. Det var fordi han ikkje passa inn i boksen der alle snakka austlandsk. Tidene har endra seg mykje sidan den gong, og dialekta har synt seg å ikkje vere noko hinder.

Medietilsynet rosa i år NRK Super for at dei har stadig meir nynorsk og dialekt i sendingane sine. Juryen for Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar rosar også barnekanalen:

– Dialektmangfaldet er stort, fleire av dei utanlandske filmane som blir sendt i barne-tv, er dubba med dialektar, ofte med fleire ulike dialektar i same program. Dei mange programvertane, anten dei er menneske eller dokker, brukar dialekt på ein trygg og naturleg måte. Ikkje berre i Superblokka, men også i barne-tv, Super-quiz, Supernytt og andre program. Dette er svært viktig og gledeleg, meiner juryen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE