Filosof er årets nynorskbrukar
Filosof og samfunnsdebattant Gunnar Skirbekk er kåra til årets nynorskbrukar.
													
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Han får prisen for arbeidet med å fornye tenkinga om ein gyldig og framtidsretta opplæringspolitikk for nynorsk, og for slitesterk evne til å halde oppe nynorsk som eit smidig språk for tenking, heiter det i grunngjevinga til styret i Norsk kultursentrum.
Prisen er på 100 000 kr og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 27. juni.
	Viktig 
	– Nynorsk er viktig for alle som bur i Noreg for å skjøne kva landet går ut på, språkleg og kulturelt, og for å skjøne kvar ein er, i rom og tid, seier Gunnar Skirbekk.
– For hundre år sidan meinte mektige professorar i Christiania at det nye norske språket aldri kunne nyttast til vitskap og filosofisk tenking. I dag veit vi betre. Det er ein ekstra grunn til å feire Ivar Aasen og Språkåret no i 2013, seier han.
QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?
	Ein språkpolitisk pris
	– Gunnar Skirbekk har stilt dei gode spørsmåla og argumentert tungt for kva slags skule Noreg treng og kva slags norskfag skulen treng. Å gi han prisen er ein språkpolitisk kritikk av den nye læreplanen i norsk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.  
Sjølv viser prisvinnaren til sin gode kollega Jon Hellesnes, som har sagt det slik: På nynorsk er det vanskeleg å skrive setningar som ein sjølv ikkje forstår. – Det har vore ei rettesnor også for meg, seier Skirbekk.
LES OGSÅ: Gamle røyster – billeg gnål
	Professor og essayist
	Skirbekk har markert seg i ordskifta om språk, vitskap og rasjonalitet. I fjor gjekk han til dømes inn for revisjon av læreplanane og gjenninnføring norskfaget som eit norskfag, i eit innlegg i Bergenes Tidende. 
Under førsteavdeling i medisin ved Universitetet i Oslo gav han ut «Nihilisme? Et ungt menneskes forsøk på å orientere seg» (1958). Deretter studerte han filosofi i Paris og Tübingen, med magistergrad ved Universitetet i Oslo i 1962. Seinare verka han ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen, som professor frå 1979 og til han gjekk av i 2005.
Skirbekk stod sentralt i opprettinga av Senter for vitskapsteori i Bergen og har skrive ei lærebok i filosofihistorie saman med Nils Gilje som no er utgitt på 16 språk. Han har også gitt ut fleire essaysamlingar, og i 2010 kom boka «Norsk og moderne».
	Den fremste nynorskprisen  
	Det er 14. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.   
LES OGSÅ: Språkfest i nynorske fotefar
Faktaboks
Årets nynorskbrukar 2000–2013
	2000  Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
	2001  Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
	2002  Ringstabekk skole, Bærum
	2003  Redaktør Martin Toft
	2004  Musikkgruppa Side Brok
	2005  Forfattar Kjartan Fløgstad
	2006  Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
	2007  Forlagsredaktør Guri Vesaas
	2008  ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
	2009  Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
	2010  Forfattar Maria Parr
	2011  Bloggar Linda Sæbø
	2012  Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
	2013  Filosofen Gunnar Skirbekk






