– Bør nytte morsmålet i norskopplæringa

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Medan me seier: «Dette er ei bok eg leste då eg var elleve år,» kan ein person frå Somalia gjerne seie: «Dette er ei bok som eg har lest då eg var elleve år» , fortel lingvist Ann-Kristin Helland Gujord.

Ho har teke doktorgrad ved Universitetet i Bergen (UIB), der ho studerte skriftlege norskprøvar frå ei gruppe vietnamesarar og somaliarar, som nyleg har lært seg norsk.

LES OGSÅ: – Innvandrarar best tent med bokmål

Verbtrøbbel
Gujord har sett på korleis to nasjonalitetar, med heilt ulike verbsystem frå norsk, klarar den norske verbbøyinga. Fortid er uttrykt grammatisk gjennom preteritum og perfektum i norsk, og det er bruken av desse verbbøyingsformene ho har konsentrert seg om. Funna hennar tydar på at morsmålet har meir å seie for innlæringa av norsk som andrespråk når det gjeld innlæring av verb, enn ein før har trudd.

– Lærarane tenkjer gjerne at morsmålet påverkar andrespråket med tanke på uttale og ordforråd, men tenkjer ikkje på dei ulike bøyingssystema, seier Gujord.

LES OGSÅ: Språkmangfaldet dobla i skulen

Språkskifte
Det bur i dag over 13 000 vietnameserar og rundt 24 000 somaliarar i Noreg, ifølgje tal frå SSB. I vietnamesisk bøyer dei ikkje verb, men uttrykkjer tid ved å nytte ulike tidsmarkørar. Somalisk på den andre sida har mykje verbbøying, men nyttar ikkje perfektum.

– Vietnamesarar klarar gjerne å nytte perfektum betre enn folk frå Somalia, dei nyttar det ofte anten for mykje eller for lite, fortel Gujord.

– Me har vore for redd for å dra morsmålet deira inn i norskopplæringa. Lærarane treng ikkje detaljkunnskap om morsmålet, men til ungdomsskuleelevar og oppover bør ein nytte deira morsmålskompetanse.

Gujord har sjølv hatt norskopplæring for folk med eit anna morsmål, og nytta teknikkar der elevane har vorte bedd om å sette om tekstar mellom norsk og deira eige morsmål.

– Det er nokre grupper, som treng litt ekstra påminning om det som er ulikt mellom deira morsmål og norsk, fortel Gujord.