Norske ordførarar manar til kamp for lyntog i Noreg.

Randi Berdal Hagen, VTB.no
Randi Berdal Hagen, VTB.no
Faktaboks

Vestlandsbanen over Haukeli
– Deutsche Bahn (DB) har på oppdrag frå Norsk Bane AS gjennomført ei utgreiing som viser svært positive økonomiske resultat for Vestlandsbanen og eit godt utbygd reise- og frakttilbod mellom aust og vest, med Telemark sentralt plassert.
– For Noreg tilrår DB høgfartsbanar i fleirbrukskonsept for langdistanse-, region/intercity- og godstrafikk.
– DB har berekna eit positivt samfunnsøkonomisk nytte-/kostnadsforhold for Vestlandsbanen på +1,77. Det vil seie at samfunnet får att 1,77 kroner for kvar krone som blir investert. I tillegg vil ein i fylgje DB få eit driftsoverskot som ikkje berre vil dekkje drift, vedlikehald og fornying, men også betale ned investeringane i tog og infrastruktur innan 30 år med ei rente på 3,3, prosent per år.
– Døme på reisetider til/frå Brunkeberg stasjon: Oslo 1 time, Bergen/Stavanger 1 time og 25 minutt, Notodden 20 minutt. Det er rekna 4 avgangar i timen i eit varierande stoppemønster.
Kjelde: Norsk Bane AS

LES FAKTALUKK FAKTA

48 av landets 428 ordførarar har signert eit opprop til Stortinget der dei krev at lyntog blir prioritert langt høgare. Ordførarane er også kritiske til Jernbaneverkets lyntogutgreiing, som dei meiner inneheld sterkt misvisande konklusjonar. Samtidig står Regjeringa på sitt, og vil ikkje gå inn for å byggje høgfartsbanar – i alle fall ikkje før i 2030.

Om to veker skal Stortinget vedta Nasjonal transportplan (NTP) for dei neste fire åra. I forslaget til plan seier Regjeringa at eit høgfartsbanenett berre er ein eventuell moglegheit etter 2030. I eit oppslag i VG tysdag gjekk samferdselsminister Marit Arnstad igjen ut og gjentok bodskapen, denne gongen saman med samferdselspolitikar Bård Hoksrud i Frp: Det blir ikkje aktuelt å starte bygging av eit høgfartsnett i Noreg før Intercity-utbygginga på Austlandet er ferdig i 2030.

LES SAKA: Lyntogplanar lagt i skuffa

48 norske ordførarar frå heile Sør-Noreg er sterkt usamde i Regjeringas konklusjon. Dei seks Vest-Telemark-ordførarane er blant dei som har signert oppropet, som rettar krass kritikk mot Jernbaneverket (JBV) og Regjeringa som berre legg JBVs utgreiing til grunn i forslaget til transportplan.

– NTP-forslaget referer berre til Jernbaneverkets høgfartsutgreiing. Denne har blitt kritisert for sterkt misvisande konklusjonar. Stortinget må ikkje basere avgjerande val for norsk samferdsel på éin omdiskutert rapport, men bør mellom anna få undersøkt kvifor Jernbaneverket kom til heilt andre konklusjonar enn Deutsche

Bahns utgreiingar på oppdrag frå Norsk Bane AS, skriv ordførarane til Stortinget.

– JBV-rapport fyller ikkje kriteria
Deutsche Bahn (DB) er eit av Europas største jernbaneselskap, med høg kompetanse på planlegging og bygging av høgfartsbanar i fleire land med ulike forhold, mellom anna i Tyskland, Spania, Sveits, Russland, Tyrkia, Taiwan, Kina og Canada. DB anbefalar omgåande vedtak for vidare planlegging og utbygging av høgfartstog i Noreg.

For Noreg har DB anbefalt høgfartsbanar for langdistanse-, regional/intercity- og godstrafikk. Jernbaneverkets utgreiing har ikkje inkludert godstrafikk i reknestykket, trass i at Stortinget bestilte det då dei bad om eit fleirbrukskonsept. Ordførarane peikar på at Deutsche Bahns utgreiing, i motsetning til Jernbaneverkets, fyller dei kriteria Stortinget har lagt for både moglegheiter for fleirbruk og fart på minst 250 km/t.

– I NTP-vedtaket i juni 2009 bad Stortinget om vidare utgreiingar med «bygging av høgfartsbane som siktemål.» Mellom anna skulle ein arbeide spesielt med konsept for fleirbruksbanar, som «ikkje berre skal binde saman dei store byane, men også fange opp mellomliggande trafikk.» Dette er i liten grad fylgd opp frå statleg hald. Deutsche Bahns utgreiingar på oppdrag frå Norsk Bane AS svarar derimot til Stortingets bestilling og er svært grundige og detaljerte, skriv ordførarane.

LES OGSÅ: – Fullt gjennomslag for Ringeriksbanen

– Milliardinntekter utelatne
Fleire uavhengige økonomar har også kritisert Jernbaneverkets rapport. Ein av dei er seniorrådgjevar Frian Årsnes i ingeniør- og konsulentselskapet Pöyry. Selskapet har nyleg kritisert Jernbaneverkets samfunnsøkonomiske analyser av lyntog for å vera «fullstendig feil», og meiner milliardinntekter er utelatne frå Jernbaneverkets utgreiing:

– Det var relativt lett å koma fram til resultat som støtta opp under Deutsche Bahns analyse, og ditto svært vanskeleg å koma fram til resultat som støtta opp under Jernbaneverkets analyse, skriv Årsnes.

Pöyry har sett nærare på dei driftsøkonomiske berekningane i JBVs utgreiing, og seier det er tankevekkande korleis Jernbaneverket har lagt føresetnader som minskar inntektene for høgfartsbanane med mange milliardar.

– Det dreier seg mellom anna om ekstremt låge billettprisar, svært låg marknadsdel i forhold til fly, og utelating av gods-, intercity og annan regionaltrafikk. Sistnemnde står også i skarp kontrast til Stortingets vedtak, som bad om at det spesielt blir arbeidd med høgfartsbanar i fleirbrukskonsept, skriv Årsnes.

– Rask realisering er mogleg
I oppropet til Stortinget krev ordførarane at DBs utgreiingar og det arbeidet som no går føre seg i dei ulike regionane for å avklare ulike trasear, blir tatt på alvor.

– Me meiner at Deutsche Bahns utgreiingar må bli anerkjent som sentrale delar av grunnlaget for ein ny nasjonal jernbaneplan.

Her viser ordførarane til DBs utgreiingar for Oslo–Bergen/Haugesund/Stavanger og Oslo–Trondheim/Ålesund som konkluderer med eit samla driftsoverskot på over 18 milliardar årleg.

– Slike økonomiske resultat opnar for eigenfinansiering og rask realisering, men krev også heilt andre organisatoriske vilkår enn jernbanen i Noreg har hatt til no, understrekar dei 48 ordførarane i oppropet sitt.

Dei ber også Stortinget om ikkje å godkjenne jernbaneprosjekt som vil avgrense jernbanens konkurransekraft og hindre ein felles standard i høgfartsnettet.

– Når toga på planlagde intercity-strekningar ikkje vil oppnå høgare fart enn rundt 100 km/t, til dømes Oslo–Skien på 1 time og 47 minuttar, kan planarbeidet neppe vera i samsvar med Stortingets vedtak om å dimensjonere nye banar for minimum 250 km/t. Me krev at verbale forsikringar om minst 250 km/t, slik det står i NTP-forslaget, blir fylgd opp og dokumentert med konkrete planar, skriv ordførarane.

I tillegg til dei seks ordførarane i Vest-Telemark har seks andre Telemark-ordførarar slutta seg til oppropet: Olav Kasland i Bø, Sven Tore Løkslid i Hjartdal, Bjørg Tveito Lundefaret i Nome, Jørn Christenson i Notodden, Hans Sundvalen i Sauherad og Steinar Bergsland i Tinn. Ordførarane i større byar som Kongsberg, Molde, Gjøvik og Haugesund har også signert oppropet.

LES OGSÅ: Kina vil byggja ut lyntog i Norden

Kritisk økonomisk tid for Norsk Bane
Norsk Bane ber kommunane om pengar til vidare arbeid for høgfartsbanar i Noreg. Om ikkje kassa blir fylt opp, må dei leggje ned arbeidet i slutten av denne månaden.

Hausten 2012 blei Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli etablert. Med i forumet er kommunane i Vest-Telemark, Midt-Telemark og Kongsbergregionen i tillegg til mange kommunar i Rogaland og Hordaland. Norsk Bane har hatt rolla som fagleg sekretariat for forumet.

I desse dagar har medlemskommunane fått eit brev der Norsk Bane ber om pengar til vidare arbeid. Der skisserer Norsk Bane at arbeidet for Telemark vil kunne dekkjast ved eit spleiselag på 25 000 kroner i snitt frå kvar av kommunane.

– For å kunne fylgje opp det vidare arbeidet for realisering av Vestlandsbanen over Haukeli er Norsk Bane AS avhengig av tilstrekkelege ressursar. Me synest det kan vera naturleg å tenkje seg dette som eit spleiselag, jamfør til dømes Haukelivegen. Utan nødvendig finansiering må vårt arbeid for Vestlandsbanen leggjast ned etter juni 2013, skriv dagleg leiar Jørg Westermann og kommunikasjonssjef Thor Bjørlo i Norsk Bane.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE