Nasjonale prøvar kan gi eit feilaktig bilete

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prøvane kan gje eit feilaktig bilde

Dei nasjonale prøvane har sidan dei vart haldne første gong i 2004 blitt skulda for å føre til uheldig og urettferdig rangering av skular og kommunar.

Ein fersk rapport frå Nordisk institutt for innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) slår fast at prøvane av fleire grunnar er svært dårleg eigna som kvalitetsmål for jobben som vert gjort på den enkelte skule.

Ei av årsakene er at berekningsmåten som vert brukt for å presentere resultata har så store statistiske svakheiter at skular og kommunar kan få eit resultat som ikkje stemmer.

Når resultata vert offentleggjorde kan det stå fram som om ein skule ligg under gjennomsnittet, medan det ikkje vert opplyst om at feilmarginen er så stor at den like gjerne kunne vore over gjennomsnittet.

Kommunar og skular med få elevar, eller skular med store sprik i elevresultata, har størst risiko for å få eit feil resultat på grunn av dette.

– Det er uheldig. Dersom resultata skal offentleggjerast, må dei gjerast på ein fagleg forsvarleg måte, og i dag er ikkje dette godt nok, seier ein av forfattarane bak rapporten, Nils Vibe i Nifu, til NTB.

LES OGSÅ: – Alexander får betre karakterar enn Ronny

Demotiverande
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV), som var til stades under framlegginga, er også bekymra over korleis resultata blir brukt.

– Offentleggjeringa av resultata, og rangeringa som skjer i kjølvatnet av det, er det største problemet med dei nasjonale prøvane. Det er framleis mange skular og kommunar som opplever dette, seier ho, og viser til korleis alle ungdomsskular i Oslo profilerer seg med glansa brosjyrar kvar haust, kor dei oppgir skuleresultatet på prøvane målt mot nasjonalt snitt og bygjennomsnitt.

– Det som er interessant, er at du nesten utan unntak kan seie at dei skulane som ligg aust for Akerselva ligg under snittet, og dei vest for elva ligg over. Ergo måler ein veldig mykje anna enn resultata frå prøvane og kva som eigentleg skjer på den skulen. Ein gir eit inntrykk av kva som er gode og dårlege skular på heilt sviktande grunnlag, sa statsråden.

Nifu-rapporten viser at lærarar kan føle det frustrerande og demotiverande å bli stempla som dårlege på grunn av faktorar som ikkje har noko med deira eigen innsats å gjere.

LES OGSÅ: Lærarane seier nei til nasjonale prøvar

Lite informasjon
Halvorsen påpeiker at det mest slåande med rapporten, er kor platonisk og «ulidenskapeleg» Skule-Noreg no steller seg til prøvane, samanlikna med det ekstreme konfliktnivået som prega innføringa av prøvane.

Ho fastslo at prøvane har vore eit område med særdeles sterk politisk usemje, og mana til ein diskusjon med «meir senka skuldrer» og på Skule-Noregs premissar.

– Eg trur veldig mange opplever at resultata frå dei nasjonale prøvane vert forenkla i den politiske debatten, seier ho. (©NPK)