Studie: – Alexander får betre karakterar enn Ronny

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor får Alexander betre karakterar

Silje Kvalbein hadde arbeidd på vidaregåande skule og var svært merksam på utfordringane rundt karaktersetjing. Då ho og Iselin Fardal skulle skriva masteroppgåve i økonomi og leiing, valde dei å undersøkja om namnet påverkar kor gode karakterar elevane får på vidaregåande skule, skriv Stavanger Aftenblad.

Etter å ha lese seg opp på namneforsking, konstruerte dei høgstatusnamna Alexander og Alexandra Greve Bjelland. I motsett ende av statusskalaen, fekk dei fiktive kandidatane namna Ronny og Jenny Olsen.

Med ulike namnekombinasjonar sende dei to studentane ut 400 identiske eksamenssvar frå vidaregåande til vurdering på ein skala frå 1 til 15.

Resultatet blei at Alexander gjennomgåande scora to poeng høgare enn Ronny, mellom Alexandra og Jenny skilde det mindre enn eit halvt poeng, men jentene gjorde det uansett betre enn gutane.

Viss Ronny i tillegg merka oppgåva med at han var dyslektisk, fekk han betre karakter, medan Alexander ikkje fekk eit like tydeleg «sympatipåslag».

No håpar studentane at undersøkinga deira kan bli grunnlag for diskusjon på lærarromma rundt om i landet. (©NPK)