Kortar reisetida med éin time

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa set av 5,2 milliardar kroner til utbetring av Bergensbanen. I første planperiode, det vil seie fram til 2018, skal det byggjast dobbeltspor mellom Bergen og Arna, og Vossabanen skal rustast opp. Regjeringa foreslår å bruke 3,7 milliardar kroner til desse tiltaka.

Det er rekna at forbetringane av Bergensbanen vil gi ei innsparing i reisetid på éin time. I dag bruker morgontoget frå Bergen seks timar 29 minutt til Oslo.

Planlagt sidan 1858
1,5 milliardar kroner skal gå til bygging av Ringeriksbanen, med mogeleg byggestart frå 2018.

– I dag kan me slå fast at Ringeriksbanen blir realisert, seier stortingsrepresentant Martin Kolberg (Ap) til Hallingdølen.

LES OGSÅ: Ringeriksbanen milliardmaskin

Den nye jernbanestrekninga mellom Sandvika og Hønefoss er kostnadsrekna til 15 milliardar kroner, ifølgje Bergens Tidende. Stortinget må gjera vedtak om bygging av Ringeriksbanen, og Martin Kolberg har tru på at dette vil skje.

– Eg blir overraska om det ikkje blir samrøystes vedteke, seier Kolberg til Hallingdølen.

Med bygging av Ringeriksbanen slepp ein omvegen om Drammen og Hokksund.