Støre vil gjera heroinrøyking lovleg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Heroinrøyking bør bli lovleg

– Eitt av temaa eg har halde meg til er røyking av heroin. Det har eg tenkt å seie ja til, og det får eg regjeringa med på, seier Støre i eit intervju med gatemagasinet =Oslo.

Målet hans er å få ned talet på overdosedødsfall blant sprøytenarkomane. Viss han får det som han vil, kan det bety at det frå 2014 blir mogleg for heroinbrukarar å røykja stoffet lovleg, skriv Dagsavisen.

LES OGSÅ: Vil legalisere narkotika

Verre med sprøyter
Støre foreslår at det på sprøyterom, røykjerom eller andre avtalte område kan leggjast til rette for røyking i lovlege former.

– Tala på overdosedødsfall er for høge, og eg vil seia at det er ei skam for Noreg. Korleis rusavhengige tar rusen sin, er eit viktig tiltak mot overdose. Haldninga mi er at me bør opna for at folk kan røykja heroin. Sprøytebruk er verre og farlegare, seier helseministeren.

I 2011 døydde 294 narkomane av overdose.

Ifølgje Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) er det over 10.000 sprøytenarkomane i Noreg, dei fleste av dei heroinbrukarar.

Færre sprøyter også vil bety færre smittetilfelle av hepatitt C og hiv.

LES OGSÅ: – Vi må tore å tenke nytt

Jublar
I Sveits, Nederland, Danmark, Spania, Storbritannia og Canada kan legar skriva ut heorin på resept. Venstre er for dette, medan Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet har tidlegare ytra skepsis mot dette.

Foreningen for human narkotikapolitikk jublar:

– Støre si legalisering er banebrytande og kjem til å redde mange frå overdose. Dette er kontroversielt av helseministeren, for det er heilt nytt at statlege styresmakter bryr seg med dette, seier foreiningsleiar Arild Knutsen ifølgje NTB.

Kva synest du om forslaget til Støre?