– Vi må tore å tenke nytt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ja, vi er på rett spor, men vegen til ei god nok rusbehandling er framleis lang, seier leiar i Unge Venstre og stortingskandidat Sveinung Rotevatn.

Forskarar ved Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) har følgt nær 500 rusmisbrukarar i behandling gjennom ti år.

Sjølv om talet på narkotikadødsfall ikkje gjekk ned frå 2010 til 2011, meiner forskarane bak rapporten at det er grunn til optimisme.

Fleire i arbeid
Studien syner mellom anna at talet på klientar i arbeid og på klientar som tilbrakte tid med rusfri familie steig, samstundes som kriminaliteten gjekk ned. Rapporten legg vekt på viktigskapen av langsiktig og komplementær rusbehandling.

Samstundes syner studien at klientane held fram med å vere plaga av psykiske vanskar og at mange er einsame. Femten prosent av utvalet døydde i laupet av studien, og nær 70 prosent av desse av overdose.

LES OGSÅ: Rusavhengige hjelper kvarandre ut

– Vi må komme oss vidare
Unge Venstre-leiaren meiner utviklinga dei siste ti åra har gått i riktig retning.

– Fokuset ligg i større grad enn før på korleis vi best mogleg kan redusere skadene av misbruk. Såleis er vi på rett spor, men tempoet er for sakte. Framleis er tala på overdosedødsfall høge, svært mange som sit i fengsel har rusproblem, og mange byar manglar sprøyterom. Vi må slutte å setje rusmisbrukarar i fengsel, og heller bruke pengane på sosialhjelp, seier Rotevatn.

Unge Venstre ønskjer mellom anna å opne for heroinassistert behandling til dei tyngste misbrukarane.

– I Noreg er vi prega av moralske skylappar som hindrar oss i å finne dei beste løysingane. I land som Danmark og Sveits er resultata frå heroinassistert behandling gode, med mellom anna redusert kriminalitet og nyrekruttering. Når folk kan få stoffet hos fastlegen i staden for å måtte stjele, selje seg eller lange er det klart at livskvaliteten deira vert betre. Heroinassistert behandling bør vere eit tilbod for dei tyngste rusmisbrukarane, og må brukast som eitt av fleire tiltak. Regjeringa bør vere viljuge til å prøve, slik at vi kan finne dei beste alternativa, seier Rotevatn.

Han vil også ha fleire sprøyterom.

– Situasjonen i Nygårdsparken i Bergen, med hyppige overdosar og mykje kriminalitet, syner behovet. I tillegg bør vi regulere sprøyteromma annleis, mellom anna ved å tillate røyking slik at folk slepp å injisere stoffet.

Unge Venstre-leiaren meiner ideen om eit heilt rusfritt samfunn er ein illusjon.

– Vi har aldri hatt og kjem aldri til å få eit heilt rusfritt samfunn. Difor bør vi rette kreftene mot å auke livskvaliteten til rusmisbrukarar og avgrense skadene av misbruk. For å klare det må vi tore å tenkje nytt.

LES OGSÅ: Mest rusmisbruk utanfor dei store byane

– Eit feilspor
Elisabeth Løland i Kristelig Folkepartis Ungdom (KrFU) meiner legaliseringsdebatten er eit feilspor.

– Det er heilt uaktuelt å halde folk i rus så lenge vi ikkje har prøvd alt anna.

Ho meiner mange fell frå i rapportane om heroinassistert behandling frå andre land, og at resultata dermed ikkje er så gode som førekjemparane hevdar.

– Kanskje er eit rusfritt samfunn urealistisk, men vi vil heller setje oss høge mål enn å gi opp. Ei teoretisk øving i folk sin “rett til å gå til grunne” er ikkje hjelp i. Vi treng praktiske tiltak, seier KrFU-leiaren.

Løland meiner dagens ordning er langt i frå god nok.

– Når vi seier til menneske i krise at vi skal hjelpe dei, utan at vi klarer å følgje det opp, så er det lureri. Eg meiner vi må styrke ettervernet, slutte å kutte i lengda på behandlingane, og skape fleire døgnplassar. At døgnplassar står tomme og blir lagt ned fordi regjeringa ikkje vil bruke private institusjonar er ikkje godt nok, seier ho.

– Som samfunn må vi klare å løfte folk ut av ein samansatt og uhaldbar situasjon, utan å vere for inngripande. Det er ei vanskeleg oppgåve, og då treng vi eit breiare behandlingstilbod.

KrFU-leiaren meiner liberaliseringslinja bommar når det kjem til nyrekruttering.

– For å hindre at fleire havnar i rusmisbruk må vi ha veldig låg toleranse for rusmidlar. Slik kan vi fange opp problema tidlegare.

LES OGSÅ: Eks-narkomane er ofte einsame

– Treng fleire helsesøstre
I SIRUS-rapporten kjem det fram at mellom 60 og 70 prosent av klientane hadde hatt store lære- og/eller åtferdsvanskar i skulen. Forskar Grethe Lauritzen peika på at førebyggjande arbeid er viktig både for borna og for samfunnet.

I ei undersøking fagbladet Sykepleien har gjort konkluderer fortvila helsesystre med at tida ikkje strekk til.

Undersøkinga avdekkjer at helsesystrene ikkje har tid til å snakke med barnevernet eller følgje opp familiar dei veit har problem.

Berre tre av ti svarar at dei har tid til å utføre alle lovpålagte oppgåver. Sju av ti svarar at dei ikkje har nok tid til å arbeide førebyggjande. Også sju av ti seier dei har latt vere å stille spørsmål til brukarane, fordi dei ikkje har tid til å følgje opp svaret.

Over 550 helsesystre har svart i undersøkinga, og Sykepleien meiner svara peikar ut alvorlege manglar ved sjølve grunntanken i helsesystertenesta – å vere eit tilgjengeleg lavterskeltilbod til alle born. Seks av ti helsesystre i undersøkinga har ansvar for over 800 elevar.

– Vi må ikkje stigmatisere alle born med lære- og åtferdsvanskar. Samstundes syner tala at vi ikkje er gode nok til å fange opp problema tidleg.

Både Rotevatn og Løland vil styrke sosialtenesta i skulane.

– Lærarane kan ikkje følgje opp alle. Vi må ha fleire helsesystrer, og vi må ha helsesystrer som ikkje berre kan vere på skulen ein halvtime kvar tysdag, seier Rotevatn.

Har du tips til oss? Send oss epost!