Vil legalisera narkotika

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På ein pressekonferanse torsdag oppfordra kommisjonen til ein ny internasjonalt haldning til narkotika og narkotikamisbruk. Dagens kriminalisering og fengsling av misbrukarar har vore ein fiasko, og må erstattast av ny politikk, meiner kommisjonen der mellom anna tidlegare utanriksminister i Noreg, Thorvald Stoltenberg er med.  

– Vil ikkje auka misbruket
Gruppa foreslår at regjeringar må eksperimentere med lovleg regulering av narkotika, særleg når det gjeld cannabis. Men kommisjonen foreslår òg at styresmaktene prøver nye modellar for avkriminalisering og lovregulering.

Ifølgje kommisjonen viser røynsle at avkriminalisering ikkje aukar narkotikamisbruket vesentleg.

Motstand
Mexico, der 37.000 menneske er drepe i krigen mot narkotikabandane sidan 2006, reagerer sterkt imot kommisjonen sin tilrådingar og seier dei ikkje vil styrkja tryggleiken i landet.
Internasjonal sjef i Actis, Anders Ulstein, meiner at gruppa av politikarar og kjendisar i kommisjonen gjev inntrykk av at vi no står føre eit vendepunkt. Dette er heilt feil. Det finst ikkje ein einaste regjering eller parlament i verda som i dag ynskjer å legalisere narkotikum.

– Det er i dag ingen land som ynskjer å risikere meir bruk av eit rusmiddel. Sjølv liberale land som Nederland, Sveits og Portugal har ingen planar eller interesse i retning legalisering. Land som Nederland skjerpar jo tvert om narkotikapolitikken kraftig. Dei vil i år innføre eit forbod for utlendingar å kjøpe cannabis på sine ”coffee shop sin” – som det forresten blir stadig færre av, seier han i ei pressemelding.

– Norsk narkotikapolitikk er ganske vellukka. Det er uhyre få som faktisk brukar narkotika i Noreg i dag. Samanlikna med tobakk, alkohol er dette ein suksess. Dette er fordi narkotika ikkje har noko feste, ingen tradisjon, det er ikkje normalt, ikkje akseptert. Dette må vi setje pris på og hegne om. Ei liberalisering vil kunne endre alt dette, avsluttar Ulstein.

Kva meiner du om forslaget om å legalisera narkotika?