Truleg eigen karakter i sidemål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framlegget til ny læreplan i norsk, der spørsmålet om å ha skilde eller felles karakterar i norsk sidemål og hovudmål er tatt opp, er for tida på høyring. Men i god tid før fristen går ut 5. mars har regjeringspartia SV og Senterpartiet bestemt seg. Begge skriv i programforslaga sine at dei vil halde på sidemålskarakteren, skriv Aftenposten.

AUF har gjort eit tilsvarande vedtak, mens Arbeidarpartiet ikkje nemner saka i det heile i det nye partiprogrammet.

LES OGSÅ: Vil ha statsministeren i språkdebatt

Målfolket sigrar
Det tolkar leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag dit at det går mot ein siger for dei som vil halde på sidemålskarakteren. Målfolk flest har vore forarga på framlegget om å slå saman norskkarakterane til éin.

– Eg tolkar Aps nye program slik at ideen om ein samla karakter ikkje er med vidare, og at partiet står saman med regjeringspartnarane sine i dette spørsmålet. Eg kan ikkje forstå korleis regjeringa skal kunne velje noko anna no, seier Øvregård til avisa.

Leiaren i utdanningskomiteen på Stortinget, Marianne Aasen (Ap), seier at ho synest det er for tidleg å konkludere.

– Først vil vi sjå på høyringsfråsegnene og kva miljø som meiner kva. Det er også usemje internt. Dessutan bruker ikkje partiprogramma å vere veldig detaljerte på læreplanar og kompetansemål, seier Aasen, som før har sagt ho ser gode grunnar til å slå saman karakterane.

LES OGSÅ: Svekkjer sidemålet utan eigen karakter

Ventar på høyringsfråsegnene
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) seier det er klart at SV ønskjer å halde på ein eigen sidemålskarakter, men at partiet ikkje har tatt stilling til når i skulegangen det skal vere eigen karakter i sidemål.

– Vi er tre parti i regjering som var einige om å sende ulike modellar på høyring. Eg håper på mange høyringsfråsegner, det vil ha noko å seie for kva regjeringa til slutt bestemmer seg for, skriv ho i ein e-post til Aftenposten.

I programforslaget sitt skriv SV at «sidemålsundervisningen må styrkes, og alle elever må få en egen karakter i skriftlig sidemål på vitnemålet, både i ungdomsskolen og i den videregående opplæringen (studieforberedende)». (©NPK)

Faktaboks

* Utdanningsdirektoratet sende i byrjinga av desember eit framlegg til ny læreplan i norsk ut på høyring.
* Den nye læreplanen gjeld for ungdomsskulen og studieførebuande retning i den vidaregåande skulen og skal gjelde frå hausten av.
* Framlegget skisserer tre modellar:
  – Tre karakterar: eigne karakterar i sidemål og hovudmål og i munnleg (som i dag).
  – To karakterar: felles karakter i norsk skriftleg og eigen munnleg karakter
  – Éin karakter: ein samla norskkarakter.
* Høyringsfristen går ut 5. mars. (©NPK)