Nordisk og tysk verbbøying gjer at me tenkjer meir på framtida, sparer meir, bruker oftare kondom og får betre helse, ifølgje Yale-forskar.

mm
Faktaboks

• Nokre språk skil i større grad mellom korleis ein bøyer verb i framtid og notid (futurum og presens), medan andre språk i liten eller ingen grad gjer dette.
• Ein engelskmann vil bruka former som ”will” eller ”be going to” for å skildra noko som skal skje i framtida. Han vil til dømes seia ”it will rain tomorrow” og ”it is raining now”, medan ein tyskar vil seia ”Heute regnet es” og ”Morgen regnet es”.
• Keith Cheng har brukt arbeidet til den svenske språkforskaren Östen Dahl, som har skilt språka i verda i måten dei bøyer verb når det er snakk om framtida (futurum).
• På norsk har me fleire måtar å bøya verb i futurum, ifølgje språkforskar Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø. Me kan seia både “I morgon dreg eg” og “I morgon skal eg dra”.
• Norsk verbbøying skil i mykje mindre grad mellom framtida og notida enn engelsk, medan svensk og dansk skil endå mindre – medan tysk, finsk og nederlandsk verbbøying ikkje skil i det heile.
• På fransk, engelsk, spansk og arabisk er det mykje større forskjell på korleis verb blir bøygd i framtid og notid. Sjå oversikt på side 40 i denne artikkelen!

LES FAKTALUKK FAKTA

Kan språket vårt påverka evna me har til å spara pengar og helsa vår? Ja, meiner Keith Chen, forskar i økonomisk åtferd ved det amerikanske prestisje-universitetet Yale.

Han har funne ein sterk samanheng mellom framtidsorientert åtferd, og språk med ein grammatikk som knyter notida og framtida saman (sjå faktaboks).

Betre helse og sex
Keith Chen og kollegaer av han ved Yale har brukt over eitt år på å samanlikna enorme datamengder om dei ulike språkbrukarane. Det er ni språkdelte land i verda med språkbrukarar som skil og ikkje skil mellom framtida og notida. Mellom desse er Belgia, Sveits og Estland.

Forskarane har så kontrollert for ei enorm mengde variablar, som blant anna familiestatus og religion, og sett på korleis elles like familiar i desse landa skil seg frå kvarandre.

Chen finn store forskjellar i helsa til dei ulike språkbrukarane. Dei som ikkje skil språkleg mellom framtida og notida, har 20-24 prosent mindre sannsyn for å røyka. Dei vil ha 13-17 prosent mindre sannsyn for å vera overvektige og har 21 prosent større sannsyn for å bruka kondom.

LES OGSÅ:– Ein skal ikkje liggja på sofaen

Betre til å spara
Sidan 1985 har nordmenn vore blant dei beste i verda til å spara pengar. Grekarar, amerikanarar og engelskmenn er dei som har spart minst. Mellom 1985 og 2010 sparte me nordmenn kring 30 prosent av bruttonasjonalproduktet vårt, medan grekarane berre sparte kring 10 prosent, og amerikanarane berre litt meir enn dei. På engelsk og gresk er det ein klar forskjell på korleis ein bøyer verb når det er snakk om framtida og notida, medan forskjellen er liten på norsk.

Keith Chen fann at folk med eit språk som ikkje skil mellom framtida og notida pensjonerer seg med 25 prosent meir på sparekontoen. Dei er også 30 prosent større sannsyn at dei sparer pengar kvart år.

LES OGSÅ: – Språket er slottet vårt

Kan endra åtferd
– Eg og kollegaene mine ved Yale universitetet har berre byrja på starten av arbeidet med å utforska og forstå dei subtile måtane som dyttar oss til å tenkja meir eller mindre om framtida kvar gong me snakkar. Målet vårt, når me forstår korleis desse subtile effektane endrar måten med tar avgjersler på, er å gje folk verktøy slik at dei kan spara meir og gjera meir medvitne investeringar i si eiga framtid, seier Keith Chen i eit foredrag for TED som nyleg blei publisert.

Sjå foredraget under:

Keith Chen blei for nokre år sidan kjent saman med Laurie Santos for eit eksperiment der dei fann ut at den jamne aksjeinvestor oppførte seg akkurat som apekattar. Forsøket fekk stor merksemd for å visa kor irrasjonelle både me menneske og apekattar blir når me står overfor økonomisk risiko. Forsøket er elles kjent for å vera det første i vitskapshistoria der ein apekatt oppdagar prostitusjon. Chen såg med eigne auge ein apekatt som byta sex med ein annan apekatt for å få ein mynt, som den igjen byta til seg ei drue for.

LES OGSÅ: – Borar for miljøet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE