Vil ha fleire lovar på nynorsk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I språkmeldinga «Mål og Meining»frå 2008 vedtok Stortinget at minst 25 prosent av lovverket målt i tekstmengd «etter kvart skal vera på nynorsk». Fire år seinare er talet under 10 prosent, i fylgje tal frå Kulturdepartementet.

Tidligare i år sende dei eit brev til resten av departementa, der dei mellom anna bad dei vurdere bruk av nynorsk i utarbeidinga av eventuelle nye lovar. Dei peike og på ein dobbel jamstillingseffekt, dersom ein nynorsklov erstattar ein eksisterande lov på bokmål. 

Halvparten svara på bokmål
Barne- likestillings og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Olje- og energidepartementet, Arbeidsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, svara alle på brevet på bokmål. Men no har ikkje Mållova avgjerde om at ein må svare på same målform i intern korrespondanse. Dei fleste departementa svara like fullt at dei skal vurdere å nytte nynorsk ved utarbeidinga av nye lovar.

Per i dag er til dømes ingen av lovane som høyrer til under Forsvarsdepartementet og berre ein av 17 lovar hjå Fiskeri- og kystdepartementet på nynorsk, men den er omfattande og departementet jobbar med ein ny lov på nynorsk. Hjå Barne- likestillings og inkluderingsdepartementet er fire av 22 lovar på målforma.

LES OGSÅ: Lovens lange armar skriv ikkje nok nynorsk

Som anna målarbeid
– At det er færre lovar på nynorsk, handlar om at målforma er mindre brukt generelt, seier   nynorskbrukar og professor ved Universitetet i Oslo, Kåre Lilleholt. Han forklarar at det er den aktuelle stortingskomiteen som avgjer kva målform skal ha. Samstundes peikar han på at svært mykje av lovarbeidet er endringar av eksisterande lovar og slik beheld same målform som tidligare.

– Å arbeide for fleire lovtekstar på nynorsk, er som alt anna målarbeid. Ein må fremje språket på ulike måtar, seier han.

Treng store lovar på nynorsk
Høgsterettsdommar Karl Arne Utgård meiner det er viktig å utvikle lovar på nynorsk av høg kvalitet. Han trekkjer fram havressurslova frå 2008 som eit framifrå døme.

– Vi treng og fleire omfattande lovar på sentrale rettsfelt på nynorsk, seier han. Og peikar på grannelova frå 1961, som ein av dei viktige lovane på nynorsk.

QUIZ: Prøv deg på den store jussquizen!

Siger med Grunnlova
– Vi ynskjer sjølvsagt så mange nynorske lovtekstar som råd. Samstundes er vi ein frivillig organisasjon, med avgrensa ressursar til det langsame arbeidet med å påverke Stortinget og departementa. Men i ein ideell verden skulle vi sjølvsagt jobba meir med dette, forklarar leiar i Juristmållaget, Gunnar O. Hæreid. Han peikar på at organisasjonen dei siste åra fyrst og fremst har arbeidd med å skape og ivareta eit godt nynorsk fagmiljø for juristar.

Sjølv om det ikkje har kome så mange nye lovar på nynorsk dei siste åra, trekkjer han fram den språklege jamstillinga av Grunnlova som viktig. 17. september leverte nemleg utvalet som har arbeida med nye tekstversjonar av Grunnlova, sin rapport til Stortingets presidentskap. Planen er at den nye Grunnlova i moderne språkdrakt og på begge målformer, skal vedtakast i samband med grunnlovsjubileet neste år. 

– Dersom Grunnlova kjem på nynorsk, i ein jamstilt versjon med bokmål, er det ein av dei største sigrane nynorskjuristar har oppnådd gjennom tidene, avsluttar Hæreid.

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?