Med eit nytt storinstitutt satsar Høgskulen i Volda sterkt på ei styrking av forskinga på skriftkultur og språk, med hovudfokus på nynorsk.

Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt
Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt

– Vi vert eit kraftsentrum, seier Stig J. Helset, som er leiar for det nye instituttet. Det er det gamle Ivar Aasen-instituttet som er inkorporert inn i eit nytt storinstitutt kalla Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur. Inn i dette har dei også med seg Forskingssenter for skriftkultur og Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur.

– Nynorsk er under eit visst press, og det er ei oppgåve for oss å stå på barrikadane for å forsvare dette mikrospråket, som trass alt vert brukt av pluss-minus 500.000 menneske, seier Helset.

– Får som fortent
Studieprogramansvarleg Øystein Hide legg ikkje skjul på at han er glad for det som har skjedd. Ved Forskingssenteret er dei van med å fordele arbeidet på berre 2–4 personar.

– Vi får ein kolossalt større stab å ta av. Det er ei nasjonal storhending, seier han glad.

Til saman vert dei nær 30 fagtilsette ved det nye instituttet, som alle kan bidra med undervisning og rettleiing til studentane. I dag er det også registrert 44 mastergradsstudentar i nynorsk skriftkultur ved høgskulen. Talet er aukande.

– Endeleg får dei som fortent, seier Hide, og siktar til at dei no kan få ei langt betre oppfølging enn dei har fått tidlegare.

– Dette er ein eksklusiv gjeng studentar. No skal dei aldri føle at dei er aleine undervegs i studiet, seier han.

Kinesisk på nynorsk
– Og dette er ikkje ein hjernevaskklinikk for nynorsk, understrekar Stig J. Helset. Mellom anna er kinesisk ein del av faget.

– Det handlar om å lære kva eit skriftspråk er for noko, utdjupar han.

– Studentane lærer fagtradisjon og faghistorie.

I Noreg handlar fokuset på nynorsk gjerne om hovudmål og sidemål. I utlandet er derimot nynorsken vel så kjent for korleis den vart til. Erfaringane har vorte brukt til mellom anna å danne mal for å kartleggje språk i Afrika.

– Og i haust fekk vi inn ei masteroppgåve om estisk språk. Der var det sett fokus på om det kan kome ei ny estisk språkreising i lys av kva nynorsken har fått til.

Samarbeid
Profilering er også eit viktig stikkord for tida framover. Stig J. Helset fortel at dei vil samarbeide med Nynorsk kultursentrum i Aasen-tunet og med Senter for nynorsk i opplæringa. Det inneber mellom anna at dei vil skipe til konferansar, seminar og kurs der dei inviterer eksterne forskarar og andre med interesse for det nynorske feltet til å leggje fram sine funn og synspunkt.

– Dette er viktig for høgskulen og eit stort satsingsområde, seier Helset. Dei har også høgskuleleiinga i ryggen, med garanti om at Forskingssenteret ikkje skal verte utsett for økonomiske krav eller kutt.

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

ANNONSE