Elevane ved Seljord ungdomsskule meiner kantina gjer dei meir sosiale og opplagde i skulekvardagen.

Øystein Øygarden, Vtb.no
Øystein Øygarden, Vtb.no

I sommar blei kjellaren i ungdomsskulen pussa opp, og i haust blei kantina opna for elevane. Prøveordninga blei tatt godt imot. Elevane betalar 10 kroner dagen for lunsjen. Fire dagar i veka er det brødbuffé, frukt og grønt, medan ei valfaggruppe med åtte elevar, saman med lærarane Inge Waldenstrøm og Lise Aarvik, serverer varme rettar kvar fredag. På menyen har det mellom anna vore tomatsuppe, varme baguettar, og lapskaus.

– Me såg at mange elevar ikkje åt, og ynskte å vera med og leggje forholda til rette. Det er viktig at elevane et god og sunn mat i skuletida, seier rektor Ruth Haugo Sageie på Seljord ungdomsskule.

– Nokon har med seg eiga niste og det er sjølvsagt heilt greitt, legg ho til.

LES OGSÅ: – Engasjer dykk for skulemat

Tryggleik mellom trinna
Rektoren trekkjer også fram den sosiale delen av kantineordninga.

– Elevane møtest på tvers av klassetrinn. Dei kjem saman og et. Det skaper ein tryggleik mellom trinna, seier Haugo Sageie.

Ordenselevane har ansvaret for å rydde av og vaske bord. Tidlegare var søppel eit stort problem når elevane åt i klasseromma og i gangane.

– Det har blitt veldig mykje betre etter at me byrja med kantine, seier Haugo Sageie.

Evalueringa som blei gjort før jol viste at elevane var fornøgde. Ei utfordring har vore lange køar når totalt 100 elevar frå dei seks ungdomsskuleklassene skal ha lunsj. Det er no løyst med to bord med mat i staden for eitt.

LES OGSÅ: Lagar frukost og lunsj for elevane

Sat åleine og åt
10. klassingane Maria Heggelund Grave, Abdi Hiis og Heidi Marie Vaa er glade for at det har kome kantine på ungdomsskulen.

– Det freistar ikkje lenger å ha med niste. Tidlegare sat me i klasseromma og åt. Mange sat åleine. Dette er mykje meir sosialt, seier Heidi Marie Vaa.

– Og så blir det mykje mindre søppel på skulen, legg Maria Heggelund Grave til.

Elevrådsmedlemmene seier elevane gler seg spesielt til lunsjen på fredagen, når det er mat litt utanom det vanlege. Dei trekkjer også fram at det var mange som hadde brus med seg på skulen tidlegare, noko det er slutt på. Det er heller ikkje så mange som tek turen over på Rimi.

– Med ein god lunsj får me ikkje lyst på godteri, seier Vaa.

– Konsentrasjonen blir også mykje betre av ein god lunsj, legg ho til.

– Alle skular burde ha ei kantine, seier Maria.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Kva meiner du? Er det på tide at alle skular får si eiga kantine?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE