– Engasjer dykk for skulemat

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har blitt erta ganske mange gonger for at eg er opptatt av mat i skulen. Engasjer dykk, lag facebooklister og sånt – kast dykk inn i den diskusjonen, og så skal eg sjå kva eg kan få til, sa Kristin Halvorsen (SV) då ho fekk spørsmål om kvifor det ikkje er gratis skulemat i Noreg på Barnas spørretime i Stortinget i dag.

Måtte svara om lekser
Kunnskapsministeren måtte òg svara på kvifor ho framleis vil ha lekser i skulen, når føresetnadene til foreldra er så forskjellige for å hjelpa til:

– Ein skal ikkje læra nytt gjennom leksene. Lekser er til for å trena. På mange skular har dei leksehjelp. Men eg må seia: at foreldra interesserer seg, er veldig viktig. Særleg gjeld dette når det gjeld lesing når ein mindre.

LES MEIR: – Eg er litt streng og hurpete

– Leksehjelp kostar pengar, og det same gjer mat i skulen. Men viss me får opp at mat og leksehjelp er det viktigaste, så er det lettare å få det til, svara Halvorsen.

Fleire lærarar
På spørsmål om fleire lærarar i skulen, sa ho dette:

– Det er dyrt å få på plass fleire lærar. Eg jobbar med ei lov som skal bestemma at kommunane ikkje får lov til å ha meir enn eit visst tal elevar per lærar. Men det kjem til å gå tid. Det har noko med at me ikkje har nok lærarar, sa ho.

Lova å ta opp busstilbod
Det er fjerde gong at Redd Barna og barnerettsgruppa på Stortinget arrangerer Barnas spørretime. Finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap), samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV) og justisminister Knut Storberget (Ap) fekk òg spørsmål frå kring 50 ungdommar frå heile landet.

Ungdommar frå Karlsøy spurte samferdsleministeren om kollektivtilbodet.

– Me opplever at busstilbodet er altfor dårleg. Klokka 16.45 siste buss til Karlsøy frå Troms. Det gjer at me må bli henta av foreldra våre viss me skal nytta oss av fritidstilbodet i Tromsø, fortalde dei.

– Regjeringa vil at folk skal få bu der dei vil. Me har gjort noko i denne perioden med kollektivtilbodet. Faktisk ganske mykje. Me har satsa mykje pengar, mest pengar i byane. Så er det fylkeskommunane som deler ut pengane, men eg skal ta ansvar for at fylkeskommunane får pengar. Me har no år for år auka midlane. For distrikta har me ein spesiell ordning som fylkeskommunane kan søkja på midlar. Eg skal ta med spørsmålet til fylkeskommunen dykkar når eg skal møta dei snart, sa Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Framtida
Halvorsen fekk spørsmål om miljø også:

– Kvifor får ikkje barn og unge få bestemma meir over klima og miljø, når det er me som skal leva her i framtida?

– Det dreier seg om at det er de som skal arva jorda etter oss. Viss me ikkje syklar meir, og køyrer meir, så blir det endå meir de må gjera. Borna burde hatt stemmerett. Sidan det er de som skal leva i framtida. Nokon kommunar får no til hausten stemmerett for 16 åringar. Uansett: når born seier noko om miljø så må eg lytta, understreka Halvorsen.

Kring 1,1 millionar born i Noreg er utan stemmerett i dag.

Framtida.no kjem tilbake med meir frå Barnas spørretime!

Faktaboks