– Matte bestemmer fråfall i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kunnskapar i matematikk frå ungdomsskulen betyr veldig mykje meir enn for eksempel språkferdigheiter for sannsynet for fullføring av vidaregåande opplæring, seier Torberg Falch, professor i samfunnsøkonomi på NTNU, til Forskning.no.

Falch har rekna på kva gevinsten er ved å få elevar til å fullføre vidaregåande skule.

LES OGSÅ: Gutane er framleis betre enn jentene i matte

– Dei som fullfører kjem lettare i jobb og har mindre sannsyn for å belaste trygdesystemet. Samfunnsgevinsten er éin million for kvar av elevane, meiner Falch.

Forsking slår fast at jo meir matematikk du lærer, jo høgare lønn får du når du kjem ut i arbeidslivet. Samtidig viser anna forsking at det er tydeleg samanheng mellom den økonomiske veksten til eit land og nivået på resultata til elevane.

Noreg manglar tusenvis av ingeniørar. Frykta er at dette vil knekke velferdsstaten økonomisk. Det er berre eit spørsmål om tid før olja tar slutt og vi skal leve av ein kunnskap vi ikkje klarer å få inn i barna våre, skriv Forskning.no.

LES OGSÅ: Her droppar få elevar ut

Teknologisk utvikling og global konkurranse har auka etterspørselen etter blant anna ingeniørar og samtidig gjort arbeidsmarknaden meir krevjande for arbeidstakarar med låg kompetanse. Desto viktigare blir det å fullføre utdanning. (©NPK)