Gutane framleis litt betre enn jentene
Gutane er framleis litt betre enn jentene i rekning, både på barneskulen og ungdomsskulen, ifølgje resultata frå dei nasjonale prøvene i år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Litt betre enn jentene
Forskjellane er likevel små, viser analysen til Utdanningsdirektoratet.
Elevar i Oslo og Akershus presterer betre enn det nasjonale nivået på 5. trinn, mens elevar i Oslo og Akershus, Rogaland og Sogn og Fjordane utmerkjer seg på 8. trinn.
Analysen tek også føre seg kva fylke som har størst spreiing i resultat på skulenivå. For 5. trinn er det Sogn og Fjordane, og dei tre nordlegaste fylka som har størst variasjon. Fylka i nord har også størst spreiing mellom skulane på 8. trinn. Østfold og Vestfold utmerkjer seg med liten variasjon i resultata til skulane.
Elevane målast på meistringsnivå, der 1 er det lågaste og 5 det høgste. Oslo har færrast på det lågaste nivået på 5. trinn (19 prosent), mens Finnmark (34 prosent) ligg i andre enden av skalaen.
Rundt 180.000 elevar gjennomførte mellom veke 42 og 45 i år dei nasjonale prøvene i rekning. I tillegg har det vore nasjonale prøver i lesing og engelsk. (©NPK)