Ny forsking viser korleis ein kan få fleire elevar med i gymtimane. Mindre ballspel er eitt av råda.

mm
Faktaboks

Her er råda frå von Seelen:
– synliggjer verdien i undervisinga for elevane
– fokus på taktikk og teknikk i staden for siger og nederlag
– del inn elevane etter nivå
– gje tydelege instruksar
– gje individuell tilbakemelding
– varier aktivitetane
– skap ein praksis der elevane tek omsyn til kvarandre
– modifiser klassiske ballspel og skap nye spel
– la elevane vera med på å avgjera
– la elevane styra fokus

LES FAKTALUKK FAKTA

Fotballgutane fintar og scorar mål, medan dei andre elevane blir meir eller mindre passive. Slik endar fleire gymtimar når det står fotball på programmet.

Ein ny doktoravhandling kjem med ti forslag til korleis gymlærarar kan få elevane med.

– Det er uheldig for dei svake elevane at det er så mykje ballspel. Det gjer det vanskeleg å delta, seier Jesper von Seelen, som har skrive avhandlinga. Seelen er lektor ved University College Syddanmark til Videnskab.dk.

LES OGSÅ: Lærer meir i andre fag av gym

Fleire ballar
Han vil likevel ikkje bannlysa ballspel:

– Ein kan til dømes ha fleire ballar i spel samstundes, og ein kan skåra mål på ulike måtar. Då blir det vanskelegare å falla utanfor. Til dømes kan ein spela tre mot tre med fire mål og fire ballar, føreslår han.

Forskaren forslår òg at elevane skal få vera med og utvikla nye spel og sjølv avgjera kva ein skal fokusera på i timane. Han meiner òg det er viktig å fokusera på tekniske element, snarare enn om ein vinn eller tapar.

Inndeling etter nivå
Von Seelen peikar òg på ei løysing som ofte er kontroversiell i skulen, nemleg å dela inn elevane etter nivå.

– Når elevane blir delt inn etter der flinke dei er, kan det ha ein positiv effekt på dei svake elevane. Dei lærarane eg har snakka med, har nokre gonger sagt «ja, eg bør vel ikkje gjere det, men det verkar i praksis». Då seier eg: «Viss det verkar i praksis, såg kvifor ikkje?».

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE