Lærer meir i andre fag av gym

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærer meir med gym

Ruben Aron (7) og Oliver (6) klatrar opp på leikebåten i tre og strekk seg mot eit ark som heng fast i ei grein høgt der oppe.

– Kva står det, kva står det, spør Oliver, raud i kinna.

Kva tydar orda ”big” og ”head” på norsk, les kameraten. Dei to svarar i kor og spring tilbake til læraren for å rapportere svaret.

LES OGSÅ: Vil ha gym kvar dag

Springande læring
Om du hadde passert skulen, ville du trudd det var friminutt. Utover skuleplassen er det kring seksti elevar, delt på tre grupper, som spring og småjoggar i ulike retningar. På fotballbana leikar nokon raudt lys. Dei andre leitar etter postar med engelske gloser. Dei har noko som ekspertane meiner alle skuler burde ha, men som ingen andre klarar å få til. Elevane har fysisk aktivitet (fysak). 

Frå 2004-2007 hadde Trudvang skule i Sogndal eit prosjekt i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det gjekk ut på at alle elevane skulle ha fysak kvar dag. Førsteamanuensis Geir Kåre Resaland tok doktorgrad på fysisk aktivitet i skulen. 

Resultata av prosjektet vart oppløftande. Elevane kjente seg mindre mobba, auka fysisk aktivitet skapte meir samhald mellom elevane.

LES OGSÅ: No skal innsats telje i gym

– Lærer betre
– Nyare forsking viser at det er ein samanheng mellom fysisk aktivitet og læring i skulen. Aktive barn lærer betre. Ei rekke internasjonale studiar har vist at dei barna som får meir fysisk aktivitet i skulen, i staden for meir tid i dei tradisjonelle faga, ikkje blir svakare i faga, heller gjerne tvert imot. I tillegg ser det ut til aktive barn trives betre i skulekvardagen, samt at aktive barn rapporterer i mindre grad om psykiske problem.

Han konkluderte med følgjande i doktorgraden sin:

– Å førebygge er å investere i framtida. Tida er no overmoden for ei massiv satsing på fysisk aktivitet i skulen. På Trudvang skule i Sogndal har dei vist at det er mogleg. Forsking stadfestar meir og meir det lærarar har sett lenge, at fysisk aktivitet førar til betre læring hjå mange barn.

Etter at forskingsprosjektet var over, valte skulen å halde fram med fysisk aktivitet kvar dag for alle elevane. Forskarar og skuleleiarar frå ulike stader i Noreg og frå andre land i Europa kjem til Trudvang for å sjå og lære korleis dei får det til.

 – Det viktigaste er at alle lærarane er med på det. Også dei som i utgangspunktet ikkje er interessert i gym. Alle må sjå nytteverdien av å ha fysak kvar dag, seier rektor Bjarte Ramstad.

Skulen har løyst det praktisk ved å ta fem prosent av kvart fag. Dette er gjort om til faste daglege fysak-bolkar. Dei fem prosentane ein mistar av kvart fag, får ein igjen gjennom at det er fagleg innhald i fysak – bolkane. Fysak er berre ein annleis måte å ha timane på. Til dømes spring ein for å finne gloser, i staden for å leite etter dei i boka.

 Les meir om prosjektet på skulen sine sider! 

Kritisk til ufaglærde
Når politikarar tidlegare har foreslått ein time gym kvar dag, har det vore tenkt gjennomført med ufaglært arbeidskraft. Det er Ramstad kritisk til.

– Det er svært viktig å ha pedagogar til å leie arbeidet. Det er også viktig at det ikkje er noko som gjerast i dei vanlege friminutta. Då klarar ein ikkje å få med dei som treng det mest.

Målet for Trudvang er at absolutt alle skal med.

– Det er også viktig at vi får mest mogleg aktivitet, ein skal for eksempel unngå å måtte vente på tur, seier Ramstad.

Mange skular har sett til Sogndal, men førebels har ingen andre innført same system. Ramstad seier det ikkje er vanskeleg å få til.

– Det viktigaste er at det ligg fast i planane. Det kan ikkje vere noko som vert bestemt frå veke til veke. Deretter må ein prøve seg fram for å få det til å fungere optimalt.

LES OGSÅ: – Gymkarakterar meir tilfeldige enn du trur

Mest effektivt
Resaland understrekar at om vi hald fram med ei hovudfokus på behandling, reparering, operasjonar og medisinar vil ein aldri løyse dei stadig aukande utfordringa med livstilssjukdommar. Dette gjeld til dømes diabetes type 2 og fedme.

– Løysinga er summen av mange tiltak over tid. Tiltak på eit overordna strukturelt samfunnsnivå må til. Til dømes bør det vere ei kraftig satsing på førebyggande folkehelse.

Resaland meiner det viktigaste ein kan gjere er å hindre at ”problemet” oppstår.

– Me ynskjer ikkje å reprodusere sosial skilnad eller forsterke forskjellar innan helse. Dermed er tiltak retta mot alle barn og unge den mest berekraftige og effektive løysinga.

LES SAKA PÅ MAGASINETT!

TEK ANSVAR: Rektor Bjarte Ramstad er ute hjå nokre av elevane som har fysak. – Det er ei glede å ta ansvar for folkehelse, seier Ramstad.