Berre eitt av departementa kvitrar nok på nynorsk. Eit alvorleg brot på mållova, meiner Språkrådet. 

Faktaboks

Prosent nynorskkvitter:

Arbeidsdep: 0 %
Barne-, likestillings- og inkluderingsdep: 0 %
Finansdep: 4 %
Fiskeri- og kystdep: 14 % 
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedep: 0 %
Forsvarsdepartementet 0 %
Helse- og omsorgsdep: 0 %
Justis- og beredskapsdep: 2 %
Kommunal og regionaldep: 24 %
Kunnskapsdep: 0 %
Miljøverndep: 12 %
Nærings- og handelsdep 0 %
Olje- og energidep: 2 %
Samferdsledep: 4 %
Utanriksdep: 4 %

OM TALMATERIALET: 
Oppteljinga var resultatet av tilfeldige stikkprøver i veke 47 av dei femti siste twittermeldingane til departementa. Utvalet omfattar berre såkalla "allment informasjonstilfang", informasjon av redaksjonell art som ikkje er stila til ein bestemt mottakar. Svar på spørsmål frå publikum var såleis ikkje med i utvalet, då departementa der må svare på den målforma som publikum nyttar. "Retweets" vart òg ekskludert frå utvalet. Nokre einskildkvitringar følgde både bokmål og nynorsk rettskriving, og desse vart òg ekskludert frå utvalet på 50 meldingar. Dei departementa som ikkje er med i opprekninga, nyttar ikkje twitter. 

LES FAKTALUKK FAKTA

Resultatet av Framtida si oppteljing av dei ulike departementa sin språkbruk på Twitter, viste at berre Kommunal- og regionaldepartementet kvitra i tråd med mållova.

– Alvorleg
I mållova heiter det at det skal vekslast i mellom begge målformene i såkalla «Allment informasjonstilfang». Minst 25 prosent av den offentlege kommunikasjonen skal vere på nynorsk.

I Språkrådet er dei tydelege på at mållova sine bestemmingar òg skal gjelde på Twitter:

– I informasjonsmeldingar på Twitter må statsorgan, departement og underliggjande etatar, kvitra minst kvar fjerde melding på nynorsk, slår Daniel Ims fast, rådgjevar i Språkrådet.

– No har eg ikkje fått vurdert Twitter-bruken til departementa, men legg ein til grunn at dei ikkje vekslar mellom målformene som dei skal gjera, er det sjølvsagt alvorleg, seier Ims.

Les også: Vil ha fleire lovar på nynorsk

Manglande tilsyn
Sjølv om Twitter har eksistert sidan 2007, har verken Språkrådet eller Kulturdepartementet følgt opp Mållova på dette feltet fram til no. Språkrådet legg difor inn sosiale medium som ein eigen kategori frå og med i år:

– I dei rapporteringsskjemaa Språkrådet sender til dei statsorgana som rapporterer til oss, har vi til no ikkje ført opp sosiale medium som ein eigen kategori å rapportere om. Men vi legg inn denne kategorien i rapporteringsskjemaet for 2012, sidan det etter kvart er mange statsorgan som bruker desse media, forklarer Ims.

Les også: SV krev eigen karakter i sidemål

Språkrådet fører ikkje tilsyn med departementa sin språkbruk. Det er det Kulturdepartementet som skal gjere. Dei ulike departementa rapporterar til Kulturdepartementet, men Ims fortel at det heller ikkje i desse krinsane har vore vanleg å rapportere om målbruken i sosiale medium.

– Heller ikkje departementa har nok måtta rapportera om målbruken i sosiale medium til no, men nett det er ikkje nokon grunn til at målbruksreglane eventuelt ikkje blir følgde, legg Ims til.

Les også: Språkrådet uroa over nynorskopplæringa

Vil ikkje uttale seg
Vi presenterte talmaterialet og Språkrådet sine fråsegner for Kulturdepartementet, men fekk til svar at dei ikkje ville kommentere kvifor departementa ikkje følgde mållova på Twitter. 

Kulturminister Hadia Tajik er sjef for eit departement som ikkje er aktive på Twitter, men har sjølv stått fram som ein språkmedviten statsråd i sosiale media. På vidaregåande skifta Tajik hovudmål til bokmål, men i fjor begynte ho å berre skrive nynorsk på Facebook og Twitter. Seinast i oktober skapte det merksemd at ho las opp Rikets tilstand i Stortinget på nynorsk.

– Eg er jo delvis nynorskbrukar sjølv, og set pris på å få halde ein så høgtideleg tale, med så høg autoritet, som er skriven på nynorsk, sa Tajik den gongen til Stavanger Aftenblad.

Les også:  Nynorsk er ikkje eit seriøst fag utan eksamen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE