«Nyttige» studium kan gi stipend-gevinst
NHO meiner Lånekassen bør lønne studentar som vel ei utdanning næringslivet etterspør. Arbeidarpartiet er ikkje avvisande til tanken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Verkemidla NHO foreslår er interessante. Vi gjer dette i alt i dag, seier Arbeiderpartiets Marianne Aasen til NTB.
Ho merkar seg utspelet til NHO-sjef Kristin Skogen Lund, som meiner norske universitet og høgskular berre avgrensa leverer den kompetansen norske bedrifter treng.
– Eg er litt usikker på kor godt ho treffer, for i akkurat no er det populært å søkje seg til lærar- og realfagsutdanning. Om det stemmer at så mange vel studiar som arbeidslivet ikkje vil ha, må vi diskutere tiltak for å motverke dette.
LES OGSÅ: – Vi vil gi matte eit ansikt
Større stipend
– Vi treng fleire ingeniørar og fleire som kjenner språket og kulturen hos dei viktigaste handelspartnarane. I tillegg er behovet for helsearbeidarar aukande, sa NHO-sjefen til NTB tidlegare denne veka.
Ho tok til orde for eit tettare samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet, ei strammare organisering av høgskulesektoren og ei spissing av studietilbodet.
– Vi må slutte å tilby studieprogram som arbeidslivet ikkje har behov for, streka Skogen Lund under.
Konkret foreslår NHO å bruke Lånekassen strategisk, ved å gi høgare stipend til studentar som vel fag arbeidslivet etterspør og lågare stipend til dei som gjer det motsette.
Marianne Aasen viser til at lærarstudentar med realfag allereie i dag får betre studiefinansiering enn andre og at lærarar som jobbar i Nord-Noreg tilbake delar av studielånet.
– Vi er opne for å bruke fleire slike verkemiddel om det er behov for det. Men det er viktig å ha klart føre seg at det er mange mytar om norske studentar. Det er for eksempel svært vanskeleg å komme inn på master i statsvitskap, seier ho.
LES OGSÅ: Halvparten angrar på utdanninga
Motstand
Øyvind Berdal i Norsk studentorganisasjon åtvarar mot å «straffe» studentar som vel studium som ikkje er eigna til å vekkje applaus i Næringslivets hus.
– Vi har eit prinsipp om lik rett til utdanning i dette landet. Å betre studiestøtta, spisse fagmiljøa og gjere studiane meir attraktive er ein mykje betre veg å gå, seier han.
Framstegspartiet sluttar heller ikkje opp om forslaget frå NHO.
– I staden for å bruke Lånekassen strategisk, bør regjeringa sørgje for meir styring. Vi må redusere kapasiteten innan nokre utdanningar og auke studieplassane andre stader, seier Frps utdanningspolitiske talsperson Tord Lien.
Han ønskjer ei total oppgradering av høgskulesektoren, der talet på institusjonar blir redusert. Studia må også spissast, meiner han.
LES OGSÅ: Tømer Noreg for ingeniørar
– Færre institusjonar vil automatisk føre til ei opprydding i talet på fag. Eg er sjølv historikar og vil ikkje snakke ned verdien av enkelte studium, men det er dessverre ein god del som utdannar seg til arbeidsløyse i dette landet. Andre opplever at studiet er lite relevant for det arbeidet ein ender opp med, seier han.
Marianne Aasen meiner Frp langt på veg slår inn opne dører, og viser til at regjeringa allereie i dag øyremerkjer studieplassar innan ingeniør- og realfag, sjukepleiar- og lærarutdanning. (©NPK)
Kva synest du om forslaget om å lønne studentar som går på attraktive studium?