Drøftar sertifisering av lærarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må lærarar sertifiserast?

 – Vi fryktar at enkelte politikarar som stør forslaget om å innføre ei sertifiseringsordning, helst ser at ordninga blir innført utan å knyte det til ein samla pakke. Men ei sertifiseringsordning blir meiningslaus om den blir innført isolert, seier Bjerkestrand til NTB.

Ei ny ordning for godkjenning eller sertifisering av lærarar i skulen er eitt av forslaga Utdanningsforbundets landsmøte skal ta stilling til denne veka.

Les også: Gutar får dårlegare karakterer av lekser

– Ein samla pakke
Lærarane som er organisert i Utdanningsforbundet, ønskjer masterutdanning til yrket sitt. I tillegg vil dei ha eit turnusår, slik legar har etter enda utdanning, i tillegg til rett og plikt til å ta etterutdanning.

Sertifiseringsordninga som er foreslått er tenkt som ein del av eit nytt og betre system, seier Bjerkestrand.

Dei som gjennomfører alt dette skal få eit godkjent-stempel: sertifisert lærar. Sertifiseringsordninga vil sikre betre kvalitet i tilbodet, både til barna i barnehagane og til elevar i skulen, meiner Bjerkestrand.

Ho seier det ikkje er greie ut kva ei slik samla ordning vil koste, men legg til «at det er klart den vil koste».

Les også: Her er dei flinkast til å lesa

– Vidareutdanning
Fleire politikarar, mellom dei leiar for Høgre, Erna Solberg, og Aps Marianne Aasen, synest det er svært positivt at Utdanningsforbundet drøftar sertifisering av lærarar.

– Eit spennande forslag, seier Erna Solberg på twitter.

– Lærarsertifisering er eitt av programforslaga til Arbeidarpartiet, seier Marianne Aasen. Ho minner om at både legar og advokatar må sertifiserast for å jobbe. Det same bør gjelde lærarar, meiner ho.

Også Venstre-leiar Trine Skei Grande synest forslaget er godt, men understrekar at ordninga føreset at det blir innført ein rett og ei plikt til vidareutdanning for lærarar.

– Det har regjeringa dessverre fleire gonger sagt nei til, seier Skei Grande.

Les også: Fleire skal få bruka nett på eksamen

– Halvorsen trenerer
Venstreleiaren seier at kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) over år har trenert ei sertifiseringsordning av lærarane, trass i at Stortinget er blitt lova ei sak om dette.

Kunnskapsdepartementet har i ei stortingsmelding sagt at sentrale samarbeidspartnarar vil bli invitert til å ta del i ei utgreiing om ei slik ordning for lærarar.

Men statsråden har ikkje bunde seg til nokon tidsplan for den vidare behandlinga av saka.

Kristin Halvorsen har sagt at departementet arbeider gjennom partnarskapet i Gnist med utvikling av lærarprofesjonen, og at eventuell sertifisering er ein av sakene som blir vurdert i dette samarbeidet.

NHO, KS og LO og viktige samfunnsaktørar innan skule og utdanning inngår i partnarskapet Gnist. Partnarskapet arbeider for å sikre høgare status og betre rekruttering til læraryrket.

Ser til Sverige
Gnist gjennomførte i juni i år eit seminar med representantar frå Sverige og Skottland om ei formell godkjenningsordning for lærarar.

– Eg følgjer nøye med på den svenske prosessen, som har vist seg å vere relativt krevjande, og der innføring er utsett til desember 2013, sa Halvorsen.

Ho lova at ho på bakgrunn av dei erfaringane som blir gjort i Sverige, og det vidare arbeidet med lærarprofesjonen i partnarskapet i Gnist, vil kome tilbake til Stortinget med ei vurdering.