Fryktar auka fråfall

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Me risikerer at fleire må flytta på hybel, og dermed ei auka i elevar som fell frå vidaregåande opplæring, seier Anna Sleppen, leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane.

Drastiske kutt
I rapporten om skulestruktur som Norconsult la fram tysdag viser dei til tre ulike modellar for korleis strukturen i fylket kan bli i framtida. Alle modellane legg opp til drastiske kutt.

– Dette er radikale forslag, seier Anna Sleppen.

Ho er bekymra for at desse tiltaka kan føre til at fleire elevar må flytta på hybel for å kunne få den utdanninga dei ønskjer seg.

– Det vil føra til at ungdom må flytte lengre vekk frå familie og venekrets, og bu åleine i svært ung alder, fortel ho.

Fryktar fråfall
Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane er klare på at det må leggjast til rette for ein desentralisert struktur som let elevane gå på skule i sitt nærområde. Representantar for elevråda i fylket har i møter med Elevorganisasjonen gjeve klart uttrykk om at dei ønskjer ein struktur der elevane kan få den utdanninga dei ønskjer utan å måtte flytta på hybel.

– Det er viktig at elevane ikkje må reise langt heimefrå for å gå på skule. Konsekvensane av å flytte på hybel i så ung alder kan vere mistrivsel, mangel på motivasjon, og økonomiske problem, som etter kvart kan føre til auka fråfall i vidaregåande opplæring, seier Sleppen.

Spente
Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane er spent på kva fylkespolitikarane kjem til å bestemme seg for når saka skal behandlast i juni neste år.

– Me ser fram til gode diskusjonar med politikarane, og håpar at elevanes omsyn veg tyngst, avsluttar Sleppen.