Vil sile ut dårlege lærarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Vi ynskjer at Noreg skal bli ein verdsleiande kunnskapsskule. Skal vi nå dette målet må vi ha dei beste lærarane, seier Tor Bremer, fraksjonsleiar for forskings- og utdanningsfraksjonen til Arbeidarpartiet. Han fortel at dette er bakgrunnen for forslaget om opptaksintervju av studentar som søkjer lærarutdanning. Bremer meiner det vil motivere dei beste studentane til å bli lærarar.

– Under intervjurundane vil det bli sett etter studentar som har ein indre glød, eit genuint engasjement og elskar å stå framfor og inspirere ei klasse. Dette er eigenskapar ein ikkje kan få fram gjennom ein karakter, meiner han.

Bremer seier ein vil raskt merke kva for studentar som manglar denne genuine interessa, og dei vil heller ikkje bli godkjent.

– Vel du å bli lærar fordi du vil ha lang sommarferie, er ikkje det godt nok, seier han.

LES OGSÅ: Elevar finn ueigna lærarar

Dårleg treffsikkerheit
Marie Standal er lærarstudent på Høgskulen i Bergen (HiB). Ho er skeptisk til om eit intervju vil klare å velje ut riktige kandidatar til lærarutdanninga.

– Det er lett late som ein er motivert. Dessutan er det for tidleg å måle om ein student er eigna til å bli lærar før dei eingong har byrja å studere, seier ho.

Ho poengterer òg at mange ungdomar er usikre på kva dei vil bli, og lurar på om det er eit godt nok grunnlag til å få avslag på studiet. Ho trur eit opptaksintervju kan skremme vekk studentar som er usikre på kva dei vil studere.

Ho får støtte frå Jan Fridthjof Bernt, jussprofessor ved Universitet i Bergen, som meiner forslaget verkar populistisk og lite gjennomtenkt.

– Ein vel den enklaste måten å gje inntrykk av at ein gjer noko med eit problem, i staden for å gå inn i ein meir krevjande prosess med vurdering av kvaliteten til sjølve utdanninga, seier han.

Professoren meiner eit opptaksintervju vil seie meir om evna til intervjuobjektet til sjølvframstilling enn om potensiale som lærar. Eit problem vil vere at ein måler motivasjonen til studentar for eit studium dei normalt har svært lite presis kunnskap om på dette tidspunktet. Bernt meiner det er studiet som skal gje, utvikle og oppretthalde motivasjonen til studenten for faget, og at det er gjennom praktiske øvingar og prøver der studentar må vise at dei er eigna for yrket.

– Viss ikkje lærarutdanninga maktar å sile ut ueigna studentar på denne måten, er det utdanningsplanen som er problemet, ikkje opptaket, seier Bernt.

Han meiner ei slik ordning vil gje eit rettstryggleiksproblem om opptak til eit studium skal vere basert på heilt subjektive og ikkje etterprøvbare vurderingar frå ein eller fleire intervjuarar.

LES OGSÅ: No kan elevane gje lærarane karakter

Høgare karakterkrav
Studentrådsstyret ved avdeling for lærarutdanning ved HiB er i utgangspunktet samd i forslaget frå Arbeidarpartiet, men er skeptiske til korleis ein slik ordning vil bli utarbeidd i praksis.

– Viss målet med eit opptaksintervju er å sikre at kandidatar har tilstrekkeleg motivasjon, er dette berre positivt. Men, korleis måler ein genuin interesse? Seier Bård Vågsholm Husby, leiar for studentrådstyret ved HiB.

Han trur kvalifikasjonane til ein lærar handlar om meir enn interesse og motivasjon, og at det beste ville vore om opptaket hadde sett både på karakterar, motivasjon og mellommenneskelige ferdigheitar.

Lærarstudenten Standal, trur eit høgare karaktersnitt kan bidra til å få inn betre studentar på lærarhøgskulen. Endå viktigare meiner ho det er med ei større satsing på samarbeidet mellom teori og praksis i studiet.

– Praksis er viktig, fordi det er i møte med elevar at ein lærer å bli lære.

Dette har Standal sjølv har røynsle frå. Det var året ho jobba som vikar på ein skule at ho fekk interesse og motivasjonen til å bli lære.

– Hadde eg ikkje jobba eitt år som vikar, hadde eg nok studert idrett i staden for, seier ho.

LES OGSÅ: – Gå til rektor med håplause lærarar

– Vanskeleg å anslå
– Eit vanleg ustrukturert intervju har svært låg prediksjonsverdi. Det vil seie at eit slikt intervju gjer det vanskeleg å anslå korleis studenten vil prestere i røyndomen, seier Sarah Abraham, psykolog og seniorrådgjevar ved seksjon for opptak og rekruttering ved Politihøgskolen i Oslo.

Ho fortel at praksisen for søkarar til politihøgskolen inntil i år var eit intervju på 20 minutt med ei nemnd. I år tek dei for første gongen i bruk ein metode som vil gje eit breiare grunnlag for å vurdere søkarane sine personlege eigenskapar og korleis dei vil gjere det i framtida. Søkarar må i år gjennom personlegdomstest, kompetansebasert intervju og ein simuleringsøving. På bakgrunn av desse testane blir det vurdert om studenten er eigna til å byrje på politihøgskolen. Deretter er det karakterane som avgjer kven som kjem inn.

LES HEILE SAKA I STUDVEST! (på bokmål)