Sosialistisk Venstreparti har laga si eiga nynorskgruppe som skal sjå på korleis nynorsken kan styrkjast i eit nytt forslag til ny læreplan i norsk.

mm

Onsdag sist veke blei Utdanningsdirektoratet sitt forslag til ny læreplan offentleg. Her føreslår dei mellom lågare krav til sidemålskompetanse og å slå saman eksamenar og karakterar for sidemål og hovudmål. I ungdomsskulen har dei kutta ut heilt ut eigen karakter i sidemål.

LES OGSÅ: Vil starta med sidemål frå 2.trinn

Sentralstyret i SV har no sett ned ei eiga nynorskgruppe som møtest for første gong i dag, tysdag. Fram til landsstyremøtet i midten av november vil dei jobba med eit eige forslag til ny læreplan i norsk og andre tiltak som kan vera med på å styrkja bruken av nynorsk.

– Politikk, ikkje byråkrati
Jens Kihl er valt til leiar for gruppa. Han seier til Framtida.no at ein ikkje berre treng halda seg til forslaget til Utdanningsdirektoratet.

– Me står fritt til å koma med våre eigne løysingar, og er ikkje bundne av direktoratet. Dette er politikk – ikkje byråkrati, seier han.

LES OGSÅ: Vil ha ekstrapoeng for nynorsk

Heilskapleg politikk
Jens Kihl er leiar i Sagene SV i Oslo, og er òg tidlegare nestleiar i Noregs Mållag. Han seier at han enno ikkje har høyrt gode nok argument for at nynorsken blir sikra utan eigen karakter i hovudmål og sidemål, men er open for å diskutera ulike løysingar.

– Det er mange meiningar om dette spørsmålet, og då er der viktig å ha ein skikkeleg prosess på dette. Det er viktig at organisasjonen blir høyrt, seier han, og viser til at fleire fylkeslag har uttala seg om spørsmålet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE