Hardare kamp om kloke hovud
Nesten halvparten av norske arbeidstakarar meiner at deira eigen arbeidsgjevar slit med å tilsette høgt kvalifiserte folk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kampen om dei kloke hovuda i arbeidslivet uroar dei tilsette i bedriftene, syner den internasjonale arbeidsmarknadsundersøkinga Randstad Workmonitor, som tilsetjingsbyrået Randstad gjennomfører fire gonger årleg.
– Bør vere urovekkjande
47 prosent av norske arbeidstakarar meiner at deira eigen arbeidsgjevar har problem med å finne den rette tilsette for einskilde jobbar. 46 prosent meiner at leiinga generelt har vanskar med å finne høgt kvalifiserte tilsette.
– Det at mange arbeidsgjevarar har problem med å finne ein «perfekt match» for einskilde jobbar er kanskje ikkje så overraskande. Men at nesten halvparten ser ut til å slite med å finne høgt kvalifiserte tilsette, bør vere urovekkjande. Kampen om talenta har vore hard i mange år, og mykje tyder på at han no er tøffare enn nokosinne, seier Camilla Grana, dagleg leiar for Randstad i Noreg.
I ei melding frå Randstad går det fram at dette ikkje er noko særnorsk fenomen. I fleire andre europeiske land går problemet igjen. Både i Frankrike, Tyskland, Tyrkia, Sveits og Belgia meiner rundt halvparten av arbeidstakarane at arbeidsgivaren deira har problem med å finne høgt kvalifisert mannskap.
LES OGSÅ: Toppleiar for ein dag