Toppleiar for ein dag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

I dag, torsdag, har 30 studentar og elevar fått vera med ein toppleiar på jobb i regi av Ungt Entreprenørskap.

Inger Anne Overå (22) har fått fotfølgja administrerande direktør i ABB Steffen Waal heile arbeidsdagen.

– Det har vore veldig, veldig kjekt. Eg har lært mykje om ABB, og det har vore veldig spennande og kjekt, seier ho til Framtida.no.

Dagen byrja med møte, og det har vore fleire møter undervegs. Ho vore på hovudkontoret deira på Billingstad og på anlegget deira i Drammen.

LES OGSÅ: Rekordmange startar bedrift

Sikra jobb før ho er ferdig
Inger Anne Overå går no på sisteåret på maskiningeniørstudiet på Høgskolen i Ålesund.

– Kva er det som er draumejobben?

– Slik det ser ut no er sveiseingeniør draumejobben.

Eitt år før ho er ferdig, har Inger Anne Overå allereie fått seg jobb som sveiseingeniør på Aker Midsund.

– Det er kjempekjekt, og gjev ein ekstra piff, seier ho.

Allereie no jobbar ho ein dag i veka på Aker Midsund. Der er ho involvert i fleire prosjekt. Aker Midsund lagar undervassinstallasjon til oljeindustrien.

– Kan du tenkja deg ein leiarjobb seinare?

– Ja, det kan eg godt. Det verkar veldig spennande, seier ho.

Steffen Waal seier dette om dagen med Inger Anne Overå:

– Eg synest det var både hyggeleg og lærerikt og håpar ho synest det var interessant. Inger Anne visste imponerande mykje om ABB, ikkje minst om det me gjer innan skipsindustrien. Ho har jo vakse opp i eit maritimt miljø og var spesielt nysgjerrig på dette med dieselelektriske framdriftssystem, noko ABB er verdsleiande på innan ei rekkje fartøystypar, seier administrerande direktør Steffen Waal i ABB.

Vann NM i studentbedrift
Inger Anne Overå var med på å vinne NM for studentbedrifter før sommaren. Saman med medstudentane sine Oddbjørn Gudmundsen og Svein Leknes Gryte var ho med på å utvikla eit sløyesystem tilpassa mindre fiskefartøy som skal gjera at fiskarane får sikrare og mindre belastande arbeid.

ABB-sjefen er imponert over det ho har fått til:

– Det dei har gjort i studentbedrifta er fantastisk. Det er jo akkurat innovasjon og kunnskap vi i Noreg må vera gode på. Me er kanskje ikkje så gode på å masseprodusera, men me må vera flinke til å finna opp dei smarte løysingane. Det er den typen idear som Inger Anne har som me må satsa på her til lands, seier han.

LES OGSÅ: Vil ha fleire studentar på bana

Kva som skjer med oppfinninga deira er Inger Anne Overå usikker på no.

– No skal me snart leggja ned studentbedrifta. Alle som var med i studentbedrifta har fått seg jobbar. Så no får me sjå om me får nokon som er villige til å ta det vidare, seier ho.

(artikkelen held fram under bildet)

ABB-sjef Steffen Waal er imponert over arbeidet til studentbedrfita til Inger Anne Overå. Foto: ABB

Nyttig læring
Toppleiarane i blant anna Manpower, Ferd, Microsoft Noreg, KPMG, Vegdekke og Skatteetaten har òg delteke på toppleiar for ein dag. Eleven eller studenten som har følgt dei, har alle utmerka seg i leiarstillingar i ungdoms- eller studentbedrifter.

LES OGSÅ: Skaper fleire leiarar og bedrifter

– Desse ungdomane har fått kunnskap om korleis dei startar og driv ei bedrift, men mykje viktigare er dei personlege eigenskapane dei har fått høve til å jobba med og utvikla: Evne og vilje til å ta initiativ, nytenkning og kreativitet, risikovilje, sjølvtillit, samarbeidsevne og sosiale ferdigheiter. Det dei har tileigna seg vil koma dei sjølv, framtidige arbeidsgivarar og samfunnet til gode, seier Kristin Willoch Haugen, fungerande administrerende direktør i Ungt Entreprenørskap.