Fire av ti studentar fullfører ikkje graden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fullfører ikkje graden

Talet på studentar som ikkje fullfører universitets- eller høgskulegraden sin har auka, kjem det fram av tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

LES OGSÅ: Nesten tre av ti nordmenn har høgare utdanning

Hausten 2000 byrja om lag 40.100 nye studentar på høgare utdanning. Ti år seinare hadde 41 prosent av dei framleis ikkje fullført ein grad. Jamført med studentane som starta ti år tidlegare, er dette ein auke på 6 prosentpoeng, ifølgje SSB.

Statistikken syner også at gjennomføringa er påverka av foreldra sitt utdanningsnivå. Størst del som ikkje hadde fullført graden etter ti år var det blant studentar med foreldre som berre hadde grunnskuleutdanning. Jo høgare utdanning minst ein av foreldra har, desto større del som fullfører.

LES OGSÅ: Studielånet er underregulert

Framleis er det også størst del menn som ikkje fullfører ein grad. I 2000-kullet stod nær halvparten av dei mannlege studentane utan fullført grad etter ti år, medan tilsvarande for kvinner var drygt 36 prosent.