Frå 1. august vart den nye rettskrivingsreforma for nynorsk gjeldande - den første verkeleg store endringa sidan 1959. Kristin Fridtun syner deg dei viktigaste endringane. 

Kristin Fridtun har teke ei pause frå ferien sin for å fortelje deg om korleis den nye rettskrivingsreforma endrar kva du har lov til å skrive. Ho har fast språkspalte i Dag og Tid, og har studert nordisk språk. I ein føljetong på fem delar tek ho sikte på å oppsummere kva endringane går ut på.

Del 5: Personlege pronomen

Kvifor skal det tuklast med pronomena i den nye rettskrivingsreforma? 

− Pronomena er grunnleggjande og svært frekvente ord i eit språk. Ja, kva hadde nynorsken vore utan eg, tru?

LES MEIR: Leiaren i Voss Mållag vil ha ei eiga norm med i-mål

Dokkene dokkar
Det er altså tale om nynorsken sin identitet, skjønar eg. Er det tale om store endringar?

− Pronomensystemet i den nye norma er mykje det same som det me har i dag, men her er òg nokre endringar me bør bita oss merke i.

Slik som?

− I andre person fleirtal får vi no to alternativ: de − dykk («No må de skunda dykk») og dokker − dokker («No må dokker skunda dokker»). Som ei fylgje av denne endringa kjem eigedomspronomenet dokkar inn attåt dykkar.

Altså: «De må ta med dykk bøkene dykkar» eller «Dokker må ta med dokker bøkene dokkar». Merk: Det er ikkje høve til blanda dei to alternativa. 

LES MEIR: Innføringsbrosjyre om rettskrivingsreforma frå Språkrådet

Tek opp i seg flest talemålsvariantar
Er det verkeleg meininga at dette skal gjere det lettare å skrive og lære nynorsk?

− Rettskrivingsnemnda grunngjev innføringa av dokkerdokker med at de − dykk er dei pronomenformene som valdar språkbrukarane størst vanskar, forklarar Fridtun.

LES MEIR: Ein må klare seg utan oppdaterte ordlister til medio august

Er ikkje dokker noko born leikar med, eller fleirtalsforma av substantivet "ei dokk"?

Nemnda valde skrivemåten dokker fordi ho meiner det er den forma som tek opp i seg flest talemålsvariantar (t.d. dåkk, dåkke, dåke, dåkker m.fl.), argumenterer ho.

− Me kan òg merka oss at den valfrie objektsforma honom går ut or norma, slik at det no skal vera han både i subjektsform og objektsform. Formene vi og me er jamstilte, slik dei har vore før.

 

 

LES MEIR: Intervju med Kristin Fridtun i Under Dusken.

LES OGSÅ: Del 1 Del 2 og Del 3 og Del 4 i føljetonga om den nye rettskrivingsreforma!

 

            

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE