Vil ha eiga norm med i-mål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiaren i Voss mållag foreslår ei alternativ norm som blant anna skal tillate i-mål.

Onsdag blei den nye rettskrivingsnorma innført, og Sylfest Lomheim, tidlegare direktør i Språkrådet, og Arvid Langeland, leiar i Voss mållag, møttest til debatt i NRK radio.

Arbeidet med rettskrivingsnorma starta då Sylfest Lomheim var leiar i Språkrådet. Han meiner at den nye norma vil gjere det lettare for alle som skal lære seg å skrive nynorsk.

Les òg: Dette er den nye nynorsken(del 1)

Lomheim er veldig nøgd med norma, men er klar over at det er mange syn på kva som er rett skrivemåte. Han rekna ikkje med at norma ville bli innført utan debatt.

Og debatt sørgjer blant anna Arvid Langeland for at det blir.

– Den nye norma opnar for at nynorsken nærmar seg bokmål, meiner Langeland.

Han trekkjer fram setninga «han liker å svømme» som eit døme på kva som er lov etter den nye norma og trur denne valfridomen vil skape kaos.

Som eit motsvar til den nye norma, vil Langeland kome med eit alternativ til ho.

– Eg ser ingen grunn til å ta vekk i-formene i rettskrivinga.

Les òg: Dette er den nye nynorsken(del 2)

Langeland meiner den alternative norma vil gje grunnlag for å skrive tydeleg, men enkel og stram nynorsk på linje med andre europeiske standardspråk, slik som tysk. I tillegg vil norma hans vere tydeleg skilt frå bokmål.

Lomheim seier at norma frå Språkrådet er vedteken, og at ho vil bli ståande. Han understrekar at den nye rettskrivinga gjeld skuleverket og staten, men at forfattarar og diktarar kan gjere som dei vil.

– I litteraturen kan ein bruke dei tradisjonelle formene. (©NPK)

Les òg: – Nye norske nynorskpoetar har noko å seie

Les òg: Dette er den nye nynorsken(del 3)