Boikott og opprør mot rettskrivingsreglar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boikottar nye reglar

Grytten seier til bt.no at det er betenkeleg (dumt) for dei som er unge og skal læra nynorsk, for dei får mindre valfridom. Noko av poenget med nynorsk er at ein skal ha betre høve til å skriva sånn som ein snakkar.

Det er delte meiningar om dei nye rettskrivingsreglane. Medan Grytten er heilt i mot, seier Edvard Hoem til rbnett.no at den nye rettskrivingsnorma etter reformen uansett ligg nær den nynorsken folk flest brukar.

– Det er ikkje noko nytt og radikalt ved denne reforma, seier Hoem. Dette vil i praksis bli den nynorsken forfattarar og journalistar brukar. Sjølv vil han halde fram med å bruke den forma for nynorsk han alltid har brukt.

Alternativ ordliste
Men det er ikkje berre blant forfattarar at meiningane er delte.

–  Me gjer rett og slett opprør, seier leiar av Ullensvang Mållag, Erlend Trones, til bt.no. Trones er ein av fleire mållagsfolk som meiner Språkrådet har skusla vekk ein god sjanse til å stramma inn i det store kaoset av klammeformer som fanst. Bt.no skriv at Arvid Langeland saman med Ola Breivega på Voss har arbeidd med ei alternativ ordliste som tek utgangspunkt i den eksisterande læreboknormalen, men med færre val.

–  Me har prøvd å gjera språket tydelegare med mindre valfridom. I dag kan du skriva både «nød» og «naud». Me meiner det heiter «naud» – dermed basta, seier Langeland til bt.no

Han trudde alle sideformer skulle fjernast. No er dei i staden gjort valfrie, og det betyr at du kan skriva til dømes å «byggje» eller å «bygge».

–  Under presset frå bokmål, fryktar eg at statsforvaltninga og skulen vil velja det som er nærast bokmålet. Føresetnaden var at nynorsken skulle bli forenkla. Det har diverre ikkje skjedd. Eg vil kalla dette ein sørgjeleg dag, seier Langeland.

Treng du ei innføring i kva for endringar den nye rettskrivingsnorma bringer med seg har framtida.no ein serie der dei tek for seg dei nye reglane. 

Dette er den nye nynorsken(del 1).

Dette er den nye nynorsken(del 2)

Dette er den nye nynorsken(del 3)

Dette er den nye nynorsken(del 4)

Les denne saka på LNK her!