Dette er den nye nynorsken (del 3)

Frå 1. august vert den nye rettskrivingsreforma for nynorsk gjeldande - den første verkeleg store endringa sidan 1959. Kristin Fridtun syner deg dei viktigaste endringane.

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristin Fridtun har teke ei pause frå ferien sin for å fortelje deg om korleis den nye rettskrivingsreforma endrar kva du har lov til å skrive. Ho har fast språkspalte i Dag og Tid, og har studert nordisk språk. I ein føljetong på fem delar tek ho sikte på å oppsummere kva endringane går ut på.  

Del 3: Supinum av sterke verb

 Frå 1. august har ein ikkje lenger høve til å nytta i-ending i bøyinga av sterke verb i nynorsk. Korleis kjem eg til å merke det?
 
− Sterke verb kunne før ha endinga –e eller -i i supinum (d.e. inkjekjønn av perfektum partisipp,  nytta etter hjelpeverbet ha), til dømes «har lese/lesi», «har sove/sovi», «har funne/funni».

− Endinga –i vart jamstilt med –e i 1959 og har vore det sidan. I den nye rettskrivinga går i-formene (lesi,sovifunni) ut og e-formene (lesesovefunne) vert eineformer, forklarar Fridtun.

LES MEIR: Innføringsbrosjyre om rettskrivingsreforma frå Språkrådet

Skulle vere felles for bokmål og nynorsk

Kva var grunnen til at vi hadde lov til det i utgangspunktet?

− Formene på -i har grunnlag både i norrønt (funnit) og i mange målføre ulike stader i landet (t.d. finnifønni o.l.).  Formene på –i kom inn i nynorsken i 1938, og tanken var at desse formene skulle verta felles for bokmål og nynorsk. Rett nok kom i-formene aldri inn i bokmålet, så dét prosjektet fall i fisk.

− I bokmål har sterke verb faktisk den same endinga i supinum som sterke verb hadde i landsmålet åt Ivar Aasen: –et (funnetsovet), legg ho til.

LES MEIR: Nye norske nynorskpoetar har noko å seia, seier Helge Torvund

Lite i bruk i skrifttradisjonen

Kvifor har ein kome fram til at i-en, som ellers er såpass moteriktig (den er i bruk som ein prefiks til alle apple-produkta, til dømes), må kuttast ut?

− E-formene står klart sterkast i den nynorske skrifttradisjonen. Noko av grunnen kan vera at dei som har supinumsforma på –i i talemålet sitt, jamt over kjem frå område der bokmålet er hovudmål. I alle fall er i-formene såpass sjeldsynte i skrift at dei no går ut or nynorskrettskrivinga, forklarar Fridtun, som i den siste tida har hatt eit vikariat i nettopp Språkrådet.

LES MEIR: Intervju med Kristin Fridtun i Under Dusken.

LES OGSÅ: Del 1 og Del 2 i føljetonga om den nye rettskrivingsreforma!