Må klara seg utan nye ordlister

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulturminister Anniken Huitfeldt godkjende allereie september i fjor at den nye rettskrivinga for nynorsk skal gjelda frå 1. august i år. Men statstilsette, lærarar og elevar som etter lova må halda seg til den nye rettskrivinga, må førebels klara seg utan oppdaterte ordlister.

Universitetet i Oslo og Språkrådet si nettordliste har enno gamal rettskriving, og det same gjeld nynorskordlista.no og ordlistene som er å få kjøpt i papir.

LES OGSÅ: Her er Oslos einaste nynorskelev

Må venta nokre veker
– Den nye ordlista er enno ikkje lagt ut, men skal vera klar til skulestart i midten av august, seier Marit Hovdenak, seniorrådgjevar i Språkrådet.

– De har hatt nær eit år på dykk. Kvifor ligg ikkje den nye ordlista klar på nett når rettskrivingsreforma byrjar å gjelda?

– Det skuldast at det har vore eit utviklingsprosjekt som har vore ganske omfattande teknisk. Dessutan er den nye rettskrivinga ganske omfattande, seier Hovdenak til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vil ha ekstra poeng for nynorsk

Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, kommenterer forseinkinga slik:

– Eg er tilhengjar av at når ein set ein frist så held ein seg til den. Men det aller viktigaste er at nye ordlister er klare til skulestart. Det kan ikkje bli slik at ein må byta ordliste midt i skuleåret.

Ifølgje Marit Hovdenak vil det bli ei overgangsordning for skulen dei neste to åra, slik at ein framleis kan halda seg til den gamle rettskrivinga utan å få feil på eksamen.

QUIZ: Kva veit du eigentleg om Ivar Aasen?

Nettkurs og brosjyrar
– Men kva skal folk gjera om ein har lyst til å skriva rett allereie i dag?

– Me har laga ein brosjyre som ligg på nettsidene til Språkrådet og som er sendt ut til alle skular. Me har dessutan eit nettkurs som er utarbeidd for skulane, seier Marit Hovdenak, før ho legg til:

– I det store og det heile er det ikkje store endringar i rettskrivinga.

Rettskrivingsreforma er likevel den største i nynorsken sidan 1959.

På grunn av ferie kunne ingen i Microsoft i dag svara kva tid det vil vera mogleg å få oppdaterte nynorskordlister i Office-pakken deira.

Les Framtida.no og Kristin Fridtun si oversikt over dei nye endringane i rettskrivinga:

Dette er den nye nynorsken (del 1)

Dette er den nye nynorsken (del 2)

Dette er den nye nynorsken (del 3)

Faktaboks

– Kulturdepartementet har vedteke ny nynorskrettskriving som gjeld frå 1. august 2012.
– Den viktigaste endringa i den nye rettskrivinga er at det blir slutt på skiljet mellom hovudformer og sideformer (klammeformer). Det vil seie at alle formene i rettskrivinga kan brukast fritt.
– Det blir elles endringar i mange skrivemåtar og bøyingar.

Les meir hos Språkrådet og på temasidene våre på Framtida.no!