OL promoterer fedme

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trass i at produsentar av søppelmat berre står for 2% av inntektene til sommar-OL i London, får merkevare som Coca Cola, McDonald’s og Sweppes nærast fritt spelerom til å reklamere for sine usunne produkt.

Dette kjem fram i ein ny rapport utgjeve av den irske hjarteforeninga, som ein del av deira kampanje for eit sunnare barnekosthald. Dei kallar barnefedme “ein epidemi”, og ber IOC (den internasjonale olympiske komité), som er arrangør av leikane, vere med å ta i eit tak ved å droppe dei usunne sponsorane.

Søppelmat gjer barn hjartesjuke
Ettersom søppelmatselskapa står for mindre enn 2% av inntektene til London-OL meiner folka bak rapporten at IOC burde vurdere å kutte ut reklamen for den helseskadelege maten.

Dette skjer samstundes som ein ny rapport frå Nederland hevdar at to av tre sjukeleg overvektige barn allereie i tolvårsalderen syner varselsteikna til hjartesjukdom. Og dette kan vere snakk om mange barn: Folkehelseinstituttet reknar med at mellom 17-22% av norske 8-åringar lir av overvekt eller fedme. I USA er det enno fleire barn i risikosonen: Ein av tre amerikanske barn lir av overvekt eller fedme, i følgje tal frå den amerikanske hjarteforbundet.

Dette uroar fleire enn irane. Richard Carmona, tidlegare helsedirektør i USA, kjem med ein dyster spånad for den oppvaksande generasjonen:

På grunn av aukinga i tilfelle av overvekt, usunne matvaner og fysisk inaktivitet, kan dette vere den første generasjonen vi ser som vil vere mindre sunne og ha ein kortare forventa levealder enn foreldra sine, seier han til det amerikanske hjarteforbundet.

Skal ein bekjempe overvekt, er eit sunnare kosthald vegen å gå, i følgje forskar Silje Steinsbekk. Hennar forskning synar at kosthaldsendringar er den mest verknadsfulle metoden for å bekjempe barnefedme.

LES ÒG: Norsk mat billeg, sikker og usunn.

Jamie ut mot Beckham
Kampanjen frå den irske hjarteforeninga har kjapt fått støttespelarar: Onsdag publiserte den engelske avisa “The Times” eit brev frå kjendiskokk Jamie Oliver og fleire andre bekymra samfunnstøtter. Dei er sterkt kristiske til at produsentar av søppelmat får nytte eit av verdas viktigaste sportsarrangement til å promotere produkta sine.

Eit av hovudpoenga er at selskapa tener på den sokalla “halo-effekten”: Fordi Coca Cola reklamerer på idrettsarenaen og nyttar idrettsstjerner i reklamefilmar, vert det som om noko av den gloria av sunnheit og storheit som omgjev idretten smittar over på Coca Cola. Og dette, skriv dei i avisinnlegget, gjer dei vel vitande om at produkta er langt i frå helsefremjande.

Som eit konkret døme nemner dei David Beckham, som i mange år har promotert Pepsi. I Noreg er Petter Northug sitt sponsorsamarbeid med Red Bull eit døme på det same.

Heilt perverst
Hjartelege Aseem Malhotra, ein av underskrivarane i brevet, nyttar enno sterkare ord i ein kommentar til “The Telegraph”:

Det er heilt perverst at Mc Donald’s og Coca Cola er mellom hovudsponsorane til eit av dei største sportsshowa i verda, seier han.

Malhotra meiner det rett og slett burde vere forbode med reklame for drittmat på arrangementet.

LES ÒG: Store brusflaskar blir forbodne

Førebileta må ta ansvar
Men ikkje berre bør det bli slutt på reklame for desse produkta på arrangementane. Skal kosthaldet til barn og unge bli sunnare, må førebileta deira droppe totalt å fronte desse produkta, meiner Malhotra.

Spørsmålet er likevel om atletane er viljuge til å seie opp lukrative sponsoravtalar for å redde helsa til verdas barn.

Idrettsforbunder ønsker sunnare fokus
Marknadsdirektør i Norges Idretsforbundet, Morten Schønfeldt, vil ikkje gå så langt som å kalle søppelmatsponsinga eit problem.

Nei, ikkje eit problem, men det er ei utfordring med fokus på sundt kosthald. Vi har sjølv korkje avtalar av lokal eller nasjonal art med desse selskapa, og har difor ikkje diskutert nett denne problemstillinga på nasjonalt nivå i norsk idrett. Samstundes ønsker vi sjølvsagt at dei hadde hatt meir fokus på sunne produkt.

Når alt kjemt il alt verkar det som om det er botnlinja som rår:

Det er viktig med store partnarar med funding. Coca Cola er ein av 13 topp-partnarane til IOC. Vi ser at det er ei utfordring med partnarar som promoterer usunne varer. Coca Cola har jo nokre sunne varer òg, som vatn og kaffi, men det er vel ikkje der dei hentar pengane sine.

Kven som får reklamere på OL-stemna meiner han er den olympiske komiteen sitt ansvar.

Det får bli opp til IOC å få dei til å promotere meir sunne varer.

Og einskildeutøvarar, som Petter Northug, må sjølv stå for dei produkta dei frontar, seier han:

Det blir deira vurdering, og det er ei vurdering dei må gjere både med sine særforbund og med tanke på sine roller som førebilete og idrettsrepresentantar.

Avslutnigsvis legg han vekt på at Norges idrettsforbund ønsker å fremme idrettsglede og helse, og forstår kvifor spørsmål som desse kjem opp.

Disney viser veg.
Skulle OL i framtida skulle forby reklame for søppelmat, ville dei ikkje bli dei første: Tidlegare i år annonserte Disney vil bli den første nasjonale amerikanske tv-kanalen med totalforbod mot reklame for søppelmat retta mot barn.

I løpet av dei neste tre åra skal dei fase ut all reklame for produkt som har meir salt, feitt eller sukker enn deira nye helsestandar tillèt.

 

Sjå òg: Overlege meiner sukker er giftig: