Dansar for framtida

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oi, eg kjøpte ein is rett før vi skal danse! Det var kanskje litt dumt.

I treningsstudioet på Nordfjordeid vrimlar det av born. Danselærar Naomi Shimon Bailie fører armane i ein boge over hovudet og løftar seg opp på tærne. Kring seksti par auge følgjer rørslene. Hender vert strekte over hovudet, kne vert bøygd og deretter retta ut. Sånn passeleg synkronisert løftar femti små kroppar seg opp på tærne.

Dansar og danselærar Anders Alvaro Nydal frå Florø, som er trulova med Bailie, følgjer med frå sidelinja. Etter ballett ventar hiphop for dei unge dansarane, som er på sommarkurs hjå Nordfjord Performing Arts Academy.

Kulturkommunen Eid
Samstundes som kring seksti born lærer seg alt frå ballett til hiphop på sommarskule, strøymer fleire tusen rockefestivaldeltakar til Eid kommune. I storstova, Operahuset Nordfjord, vart Malakoff Rockfestival sparka i gong på torsdag, medan Opera Nordfjord ladar opp til ”Madam Butterfly” i oktober.

Til hausten kan unge med ein rockedraum få nok ein arena å boltre seg på, når Rockeskulen opnar. For ikkje å snakke om det gryande fotomiljøet. Eid kallar seg kulturkommunen.


BALLETT: På danseskulen lærer deltakarane både ballett og hiphop.

Lågast fråfall
Éin av fire elevar, eller 25 prosent, droppar ut av vidaregåande skule på landsbasis, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet og SSB. Sogn og Fjordane, der éin av fem sluttar eller stryk undervegs, kjem best ut av fylka.

I Eid kommune er talet 14 prosent. Det plasserer Eid blant kommunane med lågast fråfall i heile landet.

LES OGSÅ: Farleg fråfall

Ordførar Alfred Bjørlo (V) vil ikkje undervurdere kulturlivet sin innverknad på det låge fråfallet.

– Eid har lågast fråfall i vidaregåande skule i landet. Debutalderen for å drikke alkohol har dessutan sunke med eitt år. Eg er sikker på at det er ein samanheng med kulturlivet, seier Bjørlo frå sitt utandørskontor i hovudgata.

Rektor ved Eid vidaregåande skule, Ove Bjørlo, er einig. Han seier til Fjordabladet at små skular og tett oppfølging har mykje av æra for det låge fråfallet i kommunen. Og ikkje minst trivsel.

– Samlokaliseringa vår med Operahuset, med bibliotek og kino, skulemusikal, samarbeid med lag og organisasjonar er med på å skape trivsel, seier rektoren til Fjordabladet.

Profesjonalitet og dugnad
Kva er det Eid har gjort riktig?

– Eid har alltid hatt eit sterkt kulturliv, men det har blitt profesjonalisert av drivkrefter som Operahuset, kulturskulen og rockefestivalen dei siste tjue åra. Kvalitet er viktig, seier ordførar Bjørlo.

LES OGSÅ: Fleire droppar ut frå skulen

Under Malakoff Rockfestival er kring 550 frivillige i sving. I hovudgata i forkant av festivalen syntest kring halvparten av eidarane å ha eit rockefestivalrelatert ærend. Eidarane er stolte av dugnadsanda si.

– Det unike med Eid er samansmeltinga av profesjonalitet og dugnadsand, seier Bjørlo.

Satsa på Eid
Profesjonell dansar og danselærar Anders Alvaro Nydal frå Florø er utdanna i England. Bethan Candice Bredesen, som før var Nydal sin danselærar, hadde allereie drive med dans på Eid. Då Nydal og Bredesen ville starte sitt eige valde dei å satse mellom fjordar og fjell.


TIDLEG KRØKAST: Profesjonalitet og dugnadsand er nøklane bak kulturlivet på Eid. På sommarskulen får deltakarane undervisning av profesjonelle dansarar.

– På Eid skjer det utruleg mykje. Malakoff, Operaen, Kulturnatt og mykje meir som eg ikkje veit om ein gong. Samarbeidet mellom skulane og kulturtilboda er omfattande og i tillegg er fasilitetane flotte, med kulturscena i Operahuset. Difor satsa vi her, forklarar Nydal.

– Vert innflyttarar som vil starte noko tekne godt i mot?

– Ja, bygdefolket står verkeleg saman og tek godt imot nykommarar. Samarbeidet her på Eid er nok unikt, forsikrar florøværingen.

Han trur store produksjonar, som rockefestivalen og oppsetningar i Operahuset er inspirerande for unge i kommunen.

– Dei unge ser og kan vere med på store, profesjonelle arrangement, seier dansaren.

Eid blir modell
Også Kommunal- og regionaldepartementet skryt av kommunen. Rosen kom for to år sidan, i form av fire millionar Bulyst-kroner. Magni Hjertenes Flyum i VAKN,  ”Vårt akademi for kultur og næringsliv”, sit på pengekassa. Dei skal gjere Eid si suksessoppskrift til ein mal for andre kommunar.


VAKN: Magni Flyum i VAKN er ein sentral aktør i kulturlivet på Eid. Ho skal vidareutvikle Eid sin modell for kulturbasert næringsutvikling i distrikta.

– Vi skal vidareutvikle VAKN-modellen, som er ein modell for kulturbasert næringsutvikling i distriktskommunar, seier Flyum, som har ein finger med i mange av spela i kulturkommunen. Når nye iniativtakarar kjem til Eid, er VAKN på staden med rettleiing, råd og kontaktar.

– Snakk med Aleksander, oppmodar Flyum, og stoggar i turistinformasjonen i kulturhuset i gamlebanken. Ho vil at eg skal spørje Aleksander Raftevold (19) kva kulturlivet betyr for unge eidarar. Eg gjer som eg får beskjed om.

– Ein har veldig gode moglegheiter til å prøve seg og lære på Eid, til dømes gjennom operaen, rockefestivalen og no rockeskulen. Ein får òg prøve seg på å jobbe mot publikum og lærer mykje om alt rundt det å spele i band til dømes, svarer Raftevold.

LES OGSÅ: Sommarjobb skal hindre fråfall

Han både syng, speler gitar og piano både solo og i band, har laga russerevy og er frivillig i Malakoff Rockfestival.

Flyum er ikkje i tvil.

– Det gjer noko med dei unge når dei får vere med på store profesjonelle produksjonar.


MOGLEGHEITER: Aleksander Raftevold (19) merka stor skilnad frå sin gamle heimstad Ørstad til Eid. – Her har ein moglegheit til å vere med på mykje ulikt, seier han.

Ikkje berre korps og fotball
Kulturlivet på Eid er ikkje heilt ukontroversielt. Operahuset skapte ein del konflikt. Somme lo av ideen om eit operahus midt i ingenting. Andre meinte kommunen burde prioritere sjukeheimsplassar framføre kulturliv.

Ordføraren er likevel ikkje i tvil om at kulturlivet er ei kjerne i eidasamfunnet.

– Det slår meg når eg ser skuleelevar blomstre på scena i kulturhuset – det at vi har meir enn korps og fotball på Eid betyr utruleg mykje, smiler Bjørlo på utekontoret sitt.

LES OGSÅ: – Årets høgdepunkt!

Faktaboks

Fakta

Eid kommune har kring 6000 innbyggjarar. Kommunen er kjent for sitt rike kulturliv.

Eid er blant dei fem kommunane i landet med lågast fråfall i vidaregåande skule.

Tala i artikkelen er prosent av elevar som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse fem år etter at dei gjekk ut av ungdomsskulen. Både elevar som sluttar eller stryk på eksamen er rekna med. Tala syner gjennomsnittet over fem år.