Lei av dårlege råd

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Axel Fjeldavli har overteke som leiar i Elevorganisasjonen. Kampsakene er klare.

– Rådgjeving, sluttvurdering og fagopplæring er dei tre sakene vi har valt å prioritere. Men vi har mange andre saker òg, forsikrar den ferske leiaren.

Vil ha betre råd
Elevorganisasjonen er leie av dårleg rådgjeving og meiner mange elevar fell frå fordi dei får eit feilaktig og ufullstendig bilete av vidaregåande opplæring.

– Kvar femte elev på VG1 fell frå fordi dei har valt feil linje. Dette er først og fremst ein kostnad for eleven sjølve, men også for fylkeskommunen og staten. Ved å styrkje rådgjevingstenesta kan vi motverke dette, meiner Fjeldavli.

LES OGSÅ: – Bruk oss i kampen mot mobbing

For å betre råda vil dei la elevane ta saka i eigne hender.

– Rådgjevarane har mangel på både tid og kompetanse. Ved å la ungdomsskuleelevar delta i undervisning, kan dei sjølv lage seg eit betre bilete av kva linje dei vil velje, seier Fjeldavli.

Gjennom faget “Utdanningsval” kan ungdomsskuleelevar hospitere på vidaregåande skular.

– Elevane må få bruke fleire timar til fleksibel og mangfaldig hospitering, seier Fjeldavli.

Smal eksamen, smal undervisning
Ei anna kampsak er å jobbe for ei meir rettferdig sluttvurdering. Elevorganisasjonen meiner dagens ordning er for smal.

– Sluttvurderinga har utruleg mykje å seie for korleis undervisninga resten av året er lagt opp. Lærarane rettar undervisninga etter eksamensforma, seier Fjeldavli.

Resultatet er ei undervisning prega av pugging og overflatelæring, ifølgje Elevorganisasjonen.

– Elevar må tore å prøve og feile utan å frykte at det skal telle inn på standpunktkarakteren, meiner Fjeldavli.

– Korleis vil de legge opp sluttvurderinga?

– Vi vil innføre anonym og ekstern retting av prøver og innleveringar, for å gjere vurderinga mest mogleg rettferdig. I tillegg vil vi ha alternative eksamensformar, der dagsform ikkje skal avgjere karakteren,seier Fjeldavli.

Elevorganisasjonen meiner eksamen må tilpassast for at elevar skal få vise fram sin reelle dugleik.

– Det kan ein gjere på mange måtar. Vi vil tilpasse tidsrommet. Til dømes kan ei veke med fleire innleveringar hindre at dagsforma avgjer karakteren. Vi må òg sørgje for at eleven får synt breidda i kompetansen sin, til dømes ved å følgje opp ei innlevering med munnleg prøving. Dessutan er ikkje ei god eksamensform i samfunnsfag nødvendigvis det beste i norsk, seier leiaren.

LES OGSÅ: Snur om narkorazzia på skulane

Eit slag for yrkis
I tillegg har Elevorganisasjonen avgjort å slå eit slag for fagopplæringa.

– Fagopplæringa må bli meir relevant og verkelegheitsnær. Vi har større ambisjonar enn berre å få ned fråfallet, seier elevleiaren.

Fjeldavli peiker på ordninga med to år skule og to år som lærling, som han meiner ikkje passar for alle linjer og elevar.

– Også her vil vi at skulane ikkje skal vere låst til ein modell. Somme kan lære betre av èin dag praksis i veka, eller eitt år på skulebenken og tre år i bedrift, til dømes, seier han.

Elevleiaren meiner det er fleire fordeler med meir og tidlegare praksis.

– Mange som vel fagopplæring er teoritrøytte. Dei vil ha nytte av eit alternativ til 2+2-modellen. Vi ser dessutan at mange fell frå når dei skal ut i bedrift etter to år på skule, fordi dei ikkje får læreplass. Dei som har vore i bedrift tidlegare har mykje lettare for å finne læreplass, seier Fjeldavli.

LES OGSÅ: Fleire droppar ut frå skulen

Blir høyrt
Den nyvalde leiaren meiner han leier ein organisasjon med gjennomslagskraft.

– Vi er dei einaste som veit korleis det er å gå på skule. Difor bør politikarane lytte til oss, sler Fjeldavli fast.