– Soleis gjer vi det

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi jobba på ulike skular og opplevde at det var mykje ny teknologi rundt om i klasseromma. Men kor var innhaldet, spør gründerane Eir M.Husby og Sigrid Lillebråten. Det ville dei skape, og skipa bedrifta Soleis.

I dag produserer dei innhald spesiallaga for interaktive tavler og anna datautstyr. Gjennom ulike skjermbilete lærer elevane alt frå klokka, via timeplanen til preposisjonane. Som gründarar trur dei det er viktig å ikkje vera redd for å tenkje stort og å sjå ut og fram.

– Eit perfekt program. Det var ein av kommentarane då Soleis vitja 5. klasse ved Øksendal oppvekstsenter i Sunndal, med Framtida på slep.

LES OGSÅ: Frp-ar vil ha meir nynorsk

Ibuande skapartrong
– Når elevane er vande med å operere tre-fire skjermar samstundes på fritida, er det optimistisk å tenkje at dei vil oppfatte krtittavla som særleg relevant. Elevane legg rett og slett lista høgare enn tidligare. Då må innhaldet vera på plass, forklarar Husby og Lillebråten.

Denne erfaringa var avgjerande då dei starta å utvikle innhald spesielt for interaktive tavler, som òg kan nyttast på andre plattformar. Programvara er for grunnskulen, den vidaregåande skulen og vaksenopplæring.

– Det er i innhaldet at læringane og pedagogikken skjer. Digitale tavler og annan infrastruktur, er jo berre reiskap. Då vi starta opp, tenkte vi at dette må mange ha gjort tidligare. Men sjølv om det er folk som har tenkt likt, er mykje av det produserte innhaldet laga av designarar og ingeniørar, og slik prega av at det skal vera teknisk og sjå fint ut, held gründerane fram.

Lærarar
Heilt frå bedrifta vart skipa hausten 2010, har lærarrolla stått sentralt, med innhald av lærarar for lærarar, samspelet mellom elev og lærar, og fokus på læring.

– Det å jobbe med noko vi har kjent behovet for i eigen kvardag og det å få utvikle noko heilt sjølv, det er deilig det. Det er det som gjer det verdt det. Og det at vi har ein ibuande skapartrong begge to, er nok ein viktig grunn til at vi starta opp, forklarar Husby og Lillebråten.

Preposisjonar. Døme på skjermbilete frå Soleis.

Heime
Gründerane er begge odelsjenter, og det har aldri vore noko alternativ å ikkje flytte heim. Ei viktig drivkraft bak bedrifta har derfor vore å skape kompetansearbeidsplassar i heimkommunen, og moglegheiter for andre som vil heim. Ei av dei er Marianne Furu Høydal, som vart handplukka til bedrifta.

At nettet gjer det mogleg å gjere det ein vil kvar ein vil, meiner dei er ei myte.

– Ein må òg treffe makta og dei som treff avgjerdene. Då er fysisk kontakt heilt naudsynt, kanskje spesielt i oppbygingsfasen. Derfor har vi eit distriktskontor i Oslo, forklarer Husby og Lillebråten.

Eit anna aspekt ved bedrifta sin identitet, er språkleg jamstilling. Programvara vert utvikla på både nynorsk og bokmål, i tillegg til engelsk, spansk og russisk.

– Vi er jo frå eit nynorskområde, så bruk av begge målføra er rett og slett obligatorisk, seier Soleis-gjengen.

LES OGSÅ: Folkekunst som business

Støtte og åtgaum
Bedrifta har òg opplevd at det å etablere seg i heimkommunen, kan vera nyttig og økonomisk.

– Å vera jenter frå distrikts-Noreg er ingen dum start når ein skal søke støtte frå Innovasjon Norge. Sjølv om vi på ingen måte har vorte kasta pengar etter, har det vore eit godt utgangspunkt, forklarar Husby og Lillebråten.

Bedrifta har vekt stor åtgaum, både i media og på utdanningsmesser, som på den store møteplassen for utdanningsteknologi – BETT i London.

Men like fullt opplever damene at mange av dei største augneblinkane skjer gjennom møte med brukarane. Og at skryt frå nøgde lærarar kan vera store lukkeaugneblink i gründerkvardagen.

– For meg som sit på kontor og jobbar med det administrative er det fantastisk å sjå mottakinga i klasseromma, fortel Furu Høydal.

Levebrød
– Det er jo ein stor marknad for det vi driv med. Det er ei rivande utvikling og alltid nye klassar. Så er det jo ikkje berre Noreg. Vi kan jo sikte ut mot resten av Europa. Men det tek tid å utvikle kunnskapsbilete og vi må alltid jobbe med utvikling og sal parallelt, forklarer damene.

Frå oppstarten har det balla på seg, med fleire pilotskular og fem tilsette etter eitt år. For framtida er visjonane reelle sal og vidare utvikling av både produkt og organisasjon.

– For oss har det vore viktig å kunne leve av dette. Men det har vore ein del svevnlause netter og tunge stunder, fortel Soleis-gjengen, som erkjenner at det er eit slit å starte bedrift, men at det avgjerande i motbakkane er indre driv og vissa om at det ein driv med er viktig for fleire enn ein sjølv.

LES OGSÅ: Etterlyser fleire nynorsk-stemmer

Pippi-eigenskapar
–Som gründer står du i stor grad heilt åleine. Det er så mange aspekt ved å vere gründer, som ikkje utanforståande heilt forstår, fortel Lillebråten.

Med alle utfordringar, nedturar, oppturar og opplevingar peikar damene på kor viktig det er å vera fleire.

– Eg tenkjer jo Soleis heile tida og då treng eg nokon eg kan tale Soleis med heile tida, legg Furu Høydal til.

Til sist er spørsmålet kva ein eigentleg treng for å lukkast som gründer?

– Ein kan nok ha god bruk for ei litt Pippi Langstrømpe-aktig haldning til utfordringar. For utfordra vert ein, og då er det greitt å kunne møte utfordringane på ein kreativ måte og ha det artig på vegen, avsluttar Soleis-gjengen.