Etterlyser fleire nynorsk-stemmer

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Korff Lofthus sit på trappa utanfor eit gammalt hus i heimbygda Lofthus i Hardanger. Sola skin mot kvitkledde fjelltoppar og like kvite epleblomar. Han bur nesten på museum, Skredhaugen museum er næraste nabo. Graset er nettopp slått av museet sine tilsette. For eit år sidan flytta han tilbake hit. Etter å ha budd og studert i mellom anna Bergen, Berlin og Finland.

Kunstnar på nynorsk
33-åringen har alltid vore nynorskbrukar, òg når han har budd i byen. 

– Nynorsk er det språket eg kan best. Eg er ein av ekstremt få samtidskunstnarar i min generasjon som brukar nynorsk, seier Lofthus.

Han synest språket seier noko utover sjølve orda.

– Når eg brukar nynorsk vert språket jævleg tydeleg. Det er nesten så det vert eit eige prosjekt at eg nyttar nynorsk. Eg har vorte distrikta sin talsmann, heilt uforskyldt. Når eg skriv på nynorsk, så vert det på ein måte ”fuck Oslo”, seier 33-åringen.

Han meiner at berre det å skrive stipendsøknadar på nynorsk, er eit ”heftig grep”, fordi han ser det som umogleg å vite om folk synast det er veldig positivt eller negativt.

LES OGSÅ: Vil ha folk på kunstutstilling kvar dag

Ikkje SMS-språk
Lofthus er veldig interessert i språk. Av den grunn har han eit prinsipp han aldri går vekk i frå. Der mange av oss andre skriv på dialekt når vi sender meldingar eller epostar, er dette heilt uaktuelt for Lofthus.

– Eg skriv berre normert nynorsk, uansett kor eg skriv, fortel han.

Han tykkjer det er eit høgt fagleg nivå på dei som skriv på nynorsk, men skulle ynskje det var fleire som tok nynorsk i bruk.

– Eg brukar å støvsuge titlar frå Samlaget og er fornøgd med nivået. Marit Eikemo er til dømes ei veldig god stemme. Og dei fleste som har lest den siste boka hennar, ”Samtale ventar”, er ikkje nynorsk-brukarar, seier Lofthus.

– Eg les mykje anna enn frå Samlaget òg, legg han til.

LES OGSÅ: SMS: Setningar med smilefjes?

Urban versus landleg
Mykje av arbeidet hans går ut på å finne, eller kanskje heller leite, etter balansen mellom det urbane og det landlege.

– Ein del av meg er svært urban, som utstillingar og utdanning. Samstundes kjenner eg meg knytt til landet og heimplassen.

Om det å flytte ”heim” seier han følgjande:

– Her er det mykje plass, det er fint. Det som ikkje er fint er at dei fleste kameratane og kollegaene mine bur i byane. Viss eg mister kontakt med fagmiljøet mitt, vil eg kjapt vurdera om det er på tide å flytta att. Det er noko ein må vurdera heile tida.

LES OGSÅ: Tek oppgjer med heimflyttinga

Nytt liv
Ei halv mil på ein smal vestlandsveg unna heimen, ligg det nye atelieret hans, i nedlagte Ystanes skule. Han har fått leige eit stort rom ved sidan av det gamle skulekjøkkenet.

– I byen ville eit atelier som dette kosta dyrt, bryt Lofthus ut.

Langs veggane i atelieret står maleri, maling, kostar, ei tom flaske med Jägermeister, eit piano og ein tulletrompet, mellom anna. Svære vindauge syner ut mot fjorden og fjella.

Våpen og instrument
Eit av dei nyaste kunstverka hans står midt på golvet. ”Store norske” heiter det.

– Det er ei blanding av eit instrument, våpen og møbel, fortel kunstnaren. Det vart laga til Tromsø Kunstforening og har stått utstilt sidan januar i år.

Sjå fleire av kunstverka på Lars Korff Lofthus si heimeside!

No skal han straks i gang med ei utstilling som skal stillast ut i London i november.

– Ho skal handle om landskap på ein framandgjort måte. Norske malarar i nasjonalromantikken lengta heim. Eg skal lage ei forteljing om ein litt fjollete historisk heimlengsel, ein lengsel som er sann fordi eg har sagt den er sann, fortel Lofthus.

Motivasjonen hans er å lage og finne ting som ikkje har vore der før.

– Eg kjenner på ein ambivalens, mellom det å vere veldig sjølvsikker og veldig usikker samstundes. Der ligg det mykje grums som eg synest er spennande.

You had to be there av Lars Korff Lofthus.