Nynorsken må verte ven med folk

Ved å tenkje ungt og lokalt, vil dei jobbe for nynorskbruken på Nordmøre.

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når ein driv gard  lyt ein halde kantveksten borte, gjere ein ryddejobb så  ikkje busker og tre veks inn på jordet. For meg kan det vere eit bilete på arbeidet med nynorsken, vi må rydde og passe på i målarbeidet. Det fortel Nils T. Ulvund, gardbrukar og leiar i Nordmøre mållag.

Han meiner fokus på born og på det lokale er viktige element i arbeidet for nynorksen. Med det utgangspunktet starta han prosjektet  «Nynorsk for alle» i 2007.

Born og unge
­–
Vi må gripe ungane før fordommane åt foreldra gjer det, seier Nils T. Ulvund. Som meiner unge møter bokmål i alle kanalar, og at det derfor er ekstra viktig at dei får møte nynorske språkbilete gjennom auge og øyre.

Mona Reinset i Ålvundfjord og Ålvundeid mållag, jobbar sjølv i barnehagetenesta og meiner at nett barnehagane er ein viktig arena. Der kan ungane få eit godt grunnlag gjennom å møte nynorsken tidleg, til dømes gjennom songar, regler og val av nynorsk litteratur.

I prosjektet «Nynorsk for alle», som vara frå 2007 til 2010, var arbeidet opp mot barnehagane viktig. I tilleg til arbeid opp mot andre samfunnsaktørar, som kommune og lokameida.

– Vi meiner prosjektet har gjeve gode resultat, folk har vorte meir medvitne til nynorsken som del av skriftkulturen på Nordmøre. Det skjer fleire positive ting, både med fokuset barnehagane og med auka bruk av nynorsk i lokalavisene, forklarar Ulvund.

LES OGSÅ: Nynorsk journalistpris til Sele og Sandvik

Byrje med nynorsk i vaksen alder
– Eg legg meg i selen og prøver. Der eg har avgrensa kompetanse spør eg flinke nynorskfolk rundt meg og så er det ikkje så dumt med retteprorgram heller, seier Mona Reinset. Ho vaks opp med bokmål som hovudmål, men fekk sansen for nynorsken og vart seinare rekruttert til mållagsstyret. 

– Å byrje med nynorsk i vaksen alder går så bra. Eg føler at eg har fått eit rikare språk og at dører har opna seg. Det er viktig ikkje oversette når ein skriv, men å tenkje nynorsk heile vegen, fortel Reinset, som prøver å bruke språket i så stor grad ho kan.

Pressområde
– Eg trur folk sitt engasjement for nynorsken er ekstra viktig i pressområda. Ein må gjere folk merksame på kor nært nynorsken faktisk ligg dialekta vår. Det er jo mange som brukar dialektelement når dei skriv, sjølv om dei meiner at dei berre skriv bokmål, seier Reinset.

Mållaget meiner og det er ekstra viktig at nynorsken er synleg i ei randsone som Nordmøre, og at det lokale fokuset er avgjerande for å lukkast i framtida.  

– Vi må tenkje nærmiljø i språkarbeidet, eg trur det har vorte meir fokus på å tenkje lokalt dei siste åra også andre stader i landet og det er så viktig, seier Ulvund.

Positivt utgangspunkt
– Ein lyt ha eit positivt utgangspunkt i målarbeidet. Nynorsken må verte ven med folk. Det skjer gjennom dei gode møta, med nynorskbrukarar og ikkje minst med sjølve språket, meiner Nils T. Ulvund. Han set stor pris på spørsmål om korleis det går med nynorsken når han går inn på Felleskjøpet.

– Eg trur ein kan få til mykje ved å gjere små konkrete ting – stille nokre spørsmål og prøve å skyve prosessar i rett retning, seier Ulvund.

Sjølv om ikkje alle rundt henne forstår og kan vera skeptiske, er Mona Reinset nøgd med at ho har valt nynorsken, og ho har tru på språket for framtida.

– Eg likar så godt heile melodien i språket, det er vakkert og så går det så lett. I tillegg føler eg bokmålet er litt meir kronglut, så nynorsken er rett og slett eit effektivt val, avsluttar Mona Reinset.

LES OGSÅ: Vil ha ekstra poeng for nynorsk