Åtvarar mot feil nynorsktal

Elevar blir automatisk oppført som bokmålselevar sjølv om dei ikkje har valt bokmål.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er det verkeleg berre ni prosent av VG1-elevane i Hordaland som har nynorsk som hovudmål?

Bergens Tidende presenterte desse tala i ein artikkel basert på sakspapira til Helse- og opplæringsutvalet i Hordaland fylkeskommune til møtet 18. april. Framtida.no presenterte saka under tittelen Bokmålsboom i Hordaland, og fleire andre refererte bokmålsbomba frå det mest folkerike nynorskfylket.

– Heilt feil tal
Rektorane ved nokre av dei største nynorske vidaregåande skulane i Hordaland tilbakeviser tala frå fylkesadministrasjonen.

– Tala er heilt snudd på hovudet, seier assisterande rektor ved Stord vidaregåande Lars Dyhrfjeld til Framtida.no fredag.

På Noregs største nynorskskule er det berre kring ti prosent av elevane som har bokmål på vidaregåande, og ikkje 90 prosent – slik politikarane blei presentert tala.

Dyhrfjeld seier at både kjøp av lærebøker og elevar oppmeldt til eksamen på VG3 fortel at nynorsk er dominerande på skulen.

– Tala er ikkje i nærleiken av å stemma, seier rektor ved Kvinnherad vidaregåande, Audun Bjelland. Frå 10. trinn gjekk over 94 prosent av elevane ut med nynorsk hovudmål sist sommar. Han får det ikkje til å stemma at 92 prosent no skal ha bokmål. Kring 30 prosent av elevane deira på VG3-nivå er no meldt opp til bokmålseksamen, noko Bjelland seier er høgt nok i seg sjølv.

– Ein må ikkje la seg lura av tala som er presentert. Dei er heilt meiningslause å bruka, seier Audun Sjøstrand, pedagogisk leiar ved Knarvik vidaregåande. Ved hans skule er det i år meldt opp 40,5 prosent VG3-elevar med nynorsk. Ifølgje Opplæringsavdeling skulle det berre vera 5 prosent nynorskelevar på 1. trinn.

LES OGSÅ: – Ivar Aasen ville snudd seg i grava

– Skadeleg
– Eg tenkte akkurat å kontakta Opplæringsavdelinga. Tala er ikkje kvalitetssikra, seier rektor ved Bømlo vidaregåande, Inger Lise Kippersund, når me ringer.

– Tala er heilt feil, legg ho til.

Kva tenkjer du om at fylkesadministrasjonen presenterer feil tal?

– Ein kan få inntrykk av at nynorsken står svakare enn han verkeleg gjer. Dette kan få negative konsekvensar. Nokon kan kanskje spørja seg om det er så lågt, kva er då vitsen med å oppretthalda sidemål, seier Kippersund til Framtida.no, og fryktar at tala kan bli misbrukt.

Morten Habbestad, elevrådsleiar ved Stord vidaregåande, seier dette til Framtida.no om tala:

– Eg såg saka, og synst det er veldig uheldig at heilt feil tal kjem ut. Eg har undersøkt sjølv, og tala for Stord er heilt feil.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Automatisk bokmål
Tala som Opplæringsavdelinga presenterte i møtet på onsdag er henta frå databasen Extens. Skulane som Framtida.no har snakka med fortel at tala i denne databasen hentar inn informasjon som elevane sjølve har fylt ut når dei søkte vidaregåande opplæring gjennom Vigo.

I Vigo får elevane høve til å velja målform, men ifølgje skulane me har snakka med er det berre dei færraste elevane som vel målform. Heller ikkje elevrådsleiar Habbestad kan hugsa at han valde målform, sjølv om han er ein særs medviten nynorskbrukar.

Og viss du ikkje vel målform, blir du automatisk oppført med bokmål som hovudmål.

– Bokmål er default, som det heiter på nynorsk, seier Audun Sjøstrand ved Knarvik vidaregåande.

Opplæringsdirektør Svein Heggheim seier at han i møtet til Opplærings- og helseutvalet åtvara mot at tala han presenterte gav eit veldig grovt bilete av situasjonen.

– Eg sa til utvalet at om du skal få eit godt svar, så må ein laga eit forskingsprosjekt.