Treng flinke lærarar

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det ideelle er ein skulesektor der alle lærarar i alle trinn har fem års utdanning, hevdar Per Ramberg, leiar for Program for Lærerutdanning (PLU) ved NTNU til Under Dusken.

I dag har ein kun fire år med lærerutdanning i grunnskulen (1. – 10. trinn). Målet er at alle lærarar skal ha fem års utdanning.

– All forsking på området seier det samme: den viktigste innsatsfaktoren i skulen for læringa til elevane, er læraren, seier Ramberg.

Han fortel at det på sikt er ønskeleg at alle lærarar blir lektorar, altså lærarar med mastergrad.

– Finland innførde lektorutdanning som hovudmodell allereie i 1979, og resultata ser vi mellom anna med «PISA-sjokket», seier Ramberg.

Uttrykket «PISA-sjokket» kjem frå overraskinga mange fekk då resultata av nasjonale prøver synte at Finland gjorde det langt betre enn dei andre nordiske landa og er eit av dei beste landa i verda når det gjeld utdanning.

– Dyktige lærarar avgjerande
– For at norsk skule skal bli betre må ein satsa på betre lærarar, gjennom høgare opptakskrav på lærarutdanning, lengre lærarutdanning og vidareutdanning av dagens lærarar. I dag har 40 % av lærarane i grunnskulen inga utdanning i fag dei underviser i. Det er for dårleg, seier Haakon Riekeles, tidl. nestleder i Unge Venstre, til politisk.no.

– For å bli betre, trur eg det er viktig å vidareutvikle kompetansen til lærarane slik at dei får høve til å vere fagleg og pedagogisk oppdaterte. Forskingsrapportar har synt at kva skule ein går på utgjer mykje mindre enn kva lærar ein har, i høve til kor mykje du lærar på skulen. Difor er dyktige lærarar avgjerende for ein god skule, seier Tellef Inge Mørland, gruppeleiar for Ap i Aust-Agder, til politisk.no

– Det aller viktigaste vi kan gjere er å få endå betre lærarar. Ein god lærar kan løfte ein heil klasse, og ein dårleg lærar kan øydeleggje for den same klassen. Då kan ikkje målet vere flest mogleg lærarar, men best mogleg lærarar, hevdar leiaren for Unge Høgre, Henrik Aasheim, til politisk.no.