– Norske elevar er fantastiske

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norske elevar er fantastiske, dei har eit fortrinn som mange elevar frå andre land ikkje har: Stor demokratisk forståing, samfunnsengasjement og evne til kritisk tenking.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen var i storform på Elevtinget tysdag og hadde klare svar på mange spørsmål.

Ho starta med å hevde at ungdommen er betre enn tidlegare generasjonar, og synte til kor mykje
mindre rusproblem og betre høve til foreldre og lærarar dei har i dag.

Meir valfag, variasjon og breidde
– Meir valfag samt meir variasjon og breidde i alle fag er det som motiverer i ungdomsskulen.

For Halvorsen er det einaste som verkeleg kan gjere skulen betre at elevar blir involverte i arbeidet.
– Elevar bør vere med på å få stille krav til eigenskapar nye lærarar bør ha, men aldri ha tilsetjingsansvar eller på anna måte få ta endelege avgjerder i tilsetjingssaker.
– Elevpanel med sosiale medier
– Involvér elevrådet, forlang deltaking hjå rektor

Ho synte og til at yrkesfaga treng særskilt støtte, ettersom så få fullførar utdanning som fører til fagbrev i dag, og at samfunnet treng langt fleire fagutdanna enn i dag.

Les og: Vil ha meir valfridom i skulen.

Politisk arbeid i skuletida

– Når det gjeld elevrådsarbeidsfaget synte evalueringa av faget at det fungerte dårleg og vart ofte brukt til andre fag som norsk. Faget skapa ikkje meir demokrati. Vanlege norsktimar kan nyttast til slikt arbeid i staden.

Ho ville heller ikkje innfri krav om 20 politiske fråversdagar i året , sidan ho ikkje vil differensiere dette frå anna samfunnsnyttig fråver.

På spørsmål om dårlege høve på norske skular, gjorde ho det klart at ho var klar over problemet men at det hovudsakleg var kommunane sitt ansvar å halde ungdomsskulane i stand. Ho minna og om at  departementet har ei låneordning som kan nyttast for å fikse opp gamle bygg med akutte behov.

Les òg: – Meir elevmakt er nøkkelen til verdas beste skule