Stor skilnad på pcbruk i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er i undersøkinga Monitor 2011, utført av Senter for IKT i utdanninga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet; at det kjem fram at det er store skilnader på den digitale tilstanden i skulen.

Forskar og prosjektleiar Ove E. Hatlevik ved IKT-senteret seier at sjølv om ein stor del av lærarane er positive og ønskjer å bruke data i undervisninga, blir dei hemma av at det ikkje blir satsa nok på oppdatert utstyr. Spesielt gjeld dette i grunnskulen.

– At det er skilnad mellom kommunane er ikkje er så overraskande, men at det er store skilnader innanfor kommunane er svært uheldig. Det er nok ulike satsingar på og prioriteringar av IKT hos skuleeigar og i skulane som påverkar dette, seier Hatlevik til NTB.

– Treng eldsjeler
Han meiner at IKT-satsinga særleg i eldre skular mange stader er dratt i gang av einkvan som kjenner utstyret og lager ei løysing for sin egen skule.

LES OGSÅ: Norsktimar utanom det vanlege

– I ein del eldre skular har du kanskje teknologien, men får problem med kabling og straum fordi det ikkje er nok straumprodukt, som er eit problem når du har 25 elevar med kvar si bærbare maskin, seier han.

Kvaliteten på utstyret skulane tilbyr elevane er også svært varierande, spesielt på grunnskulenivå.

– Mange elevar vi har intervjua i undersøkinga seier at dei har betre maskiner heime enn på skulen, og fleire lærarar har sagt at dei gjerne bruker to skuletimar når dei er på datarommet på skulen nettopp på grunn av det varierande utstyret med treg oppstart, seier Hatlevik.

Store skilnader
Ifølgje tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) har talet på elevar per PC falle jamt og trutt dei siste åra. På landsbasis var det i fjor 2,92 elevar per PC, for fem år sidan var det 3,95 elevar per datamaskin. For skuleåret 2011– 2012 viser statistikken at Buskerud er fylket med best dekning, der er det 2,16 elevar for kvar maskin, mens det i Vestfold er heile 3,99 elevar per maskin.

LES OGSÅ: It-studentar krev pc på eksamen

På vidaregåande er det no meir og meir vanleg at elevane får sin eigen bærbare PC ved skulestart. Ifølgje tala frå Monitor 2011 er det i andre trinn på vidaregåande skule vanleg blant majoriteten av elevane å bruke PC i undervisninga fire timar i veka eller meir. Tala for barneskuleelevar i grunnskulen er 15 prosent, og for ungdomsskuleelevar 27 prosent.

– Bekymra
Statssekretær Elisabet Dahle er uroa over situasjonen.

– Eg er bekymra over skilnadene vi ser i den digitale kompetansen elevane har. Dette er nok eit område der elevar som ikkje oppnår meistring, ikkje kjem ut av grunnskulen med tilstrekkeleg kompetanse, noko som sjølvsagt ikkje er ønskeleg frå vår side, seier ho til NTB.

Ho understrekar at det er viktig at alle kommunar har tilgjengeleg utstyr av god kvalitet og at den digitale kompetansen til både skuleleiarane og lærarane er god nok.

LES OGSÅ: Her har elevane kvar sin pc

– Det er viktig at ein ikkje ser på digital kompetanse som eit eige prosjekt, men at ein trekkjer det inn i alle fag. Ein ser tydeleg samanheng mellom digital kompetanse og læringsresultata i andre fag, seier Dahle, som ikkje kan love nokon ekstrapott for å ruste opp IKT-opplæringa i skulen.

– Det er skuleeigarane, kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å ha ressursar nok til at skulane blir utstyrt med den kvaliteten og kompetansen dei har behov for, seier Dahle. (©NPK)