– Meir elevmakt er nøkkelen til verdas beste skule
Andreas Borud, leiar i Elevorganisasjonen, i opningstalen på Elevtinget 2012.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Elevmakt skal gje betre skule
Andreas Borud, leiar i Elevorganisasjonen, opna i dag det 13. ordinære Elevtinget, med over 500 engasjerte elevrepresentantar til stades. I opningstalen fokuserte han på korleis stemma til elevane er sterkast når ein står saman.
– Elevrørsla finst i kvart einaste falleferdige skulebygg, kvar einaste dårlege undervisingstime og kvart einaste lovbrot i skulen, fortsette elevleiaren. Han oppfordra elevane til å ta grep om eigen skolekvardag og vera medvitne på retten sin til å medverka.
Grillar Kristin Halvorsen
Elevtinget føregår på Oslo Kongressenter fram til laurdag, og i løpet av dagen vil både kunnskapsminister Kristin Halvorsen og Utdanningsforbundet sin leiar Mimi Bjerkestrand gjeste landsmøtet. Elevleiaren ser fram til besøket frå ministeren, og ber henne førebu seg på å bli utfordra av Elevtinget.
LES OGSÅ: – Elevar finn ueigna lærarar
– Her har vi over 500 elevar som ynskjer å bli høyrt. Det er veldig hyggeleg at kunnskapsministeren tek seg tid til å kome, men ho må vera klar for å bli stilt vanskelege spørsmål, seier Borud, som gler seg til å sjå kva Elevtinget vel å prioritera for det komande året.
– Dette er den viktigaste veka i året for norsk skulepolitikk, avsluttar Borud.
Onsdag morgon kjem kronprinsen for å helsa på Elevtinget.